Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:611 (2024-2025) Innlevert: 08.12.2024 Sendt: 09.12.2024 Besvart: 16.12.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Tobias Drevland Lund (R): På svar på skriftlig spørsmål, Dokument nr. 15:473 (2024-2025), sier statsråden " Vi har derfor ikkje oversikt over omfanget som du spør om". Tenker statsråden det er viktig å få oversikt over hvordan norske kommuner og fylkeskommuner sine investeringer i israelske statsobligasjoner, banker og selskaper som er knyttet til israelske bosettinger på okkupert palestinsk jord eller som bidrar til krigen på Gaza?
Det bes om svar på spørsmålet. Viser til Dokument nr. 15:473 (2024-2025)
Erling Sande: Kommunane og fylkeskommunane er sjølvstendige, folkevalde og sjølvstyrte organ. Dei har eit sjølvendig ansvar for dei avgjerdene dei fattar. Det inneber at det å avgrense det kommunale sjølvstyret skal ha heimel i lov, og departementet kan heller ikkje overprøve avgjerder fatta i kommunane, med unntak av dei høva kor regelverket særskilt opnar for det. Som eg gjorde greie for i mitt svar til Dokument nr. 15:473 (2024-2025), regulerer lova i første rekkje den finansielle risikoen som ein kommune eller fylkeskommune kan ta, men avgrensar ikkje kva type selskap eller obligasjonar, til dømes ut frå produktbaserte eller åtferdsbaserte omsyn, som kommunane kan investere i. Dette er opp til dei lokale folkevalde å ta stilling til, og eg har tillit til at dei forvaltar dette ansvaret på ein god måte. For ei regjering som trur på det kommunale sjølvstyret, ønskjer vi ikkje å detaljstyre kommunane og fylkeskommunane gjennom stadig fleire pålegg og rapporteringskrav. Eit av prinsippa i staten si styring av kommunesektoren er at staten ikkje skal påleggje sektoren rapporteringskrav som ikkje blir brukte som styringsinformasjon, det vil seie dannar grunnlag for utforminga av politikken eller er naudsynt for kontrollføremål. Det er mykje som kunne ha vore interessant å vite om disposisjonane som kommunane gjer, til dømes òg det som spørsmålsstillaren tek opp, men det i seg sjølv bør ikkje vere nok til at dei skal rapportere til staten. Betre eigna og meir viktig er å sikre openheit om verksemda i kommunane og fylkeskommunane, slik at media og innbyggjarane har høve til å stille dei lokale folkevalde til ansvar, og vi har ei offentleglov som bidreg til det.