Sveinung Rotevatn (V): Kva grep meiner utanriksministeren bør takast for å redusere risikoen for at Noreg blir ståande i ein handelspolitisk skvis mellom USA og EU, og kva ville eit EU-medlemskap bety i denne samanhengen?
Begrunnelse
Den globale handelspolitiske situasjonen er prega av aukande spenningar mellom dei største økonomiane i verda, spesielt mellom USA og EU. Den nye Trump-administrasjonen har varsla ei proteksjonistisk linje, med høge tollsatsar som eit sentralt verkemiddel for å fremje amerikanske interesser. Det kan føre til auka handelshindringar for norske eksportørar som opererer på den amerikanske marknaden.
Samtidig har EU styrkt handelsstrategien sin med fokus på strategisk autonomi og krav om at samarbeidspartnarar etterlever høge standardar innan klima, arbeidsliv og menneskerettar. Det blir jobba iherdig med strategiar for å verne særleg strategiske industriar og produkt, men Noreg er verken ein del av EUs utanrikspolitikk, handelspolitikk eller tollpolitikk.
Noregs sterke økonomiske avhengigheit av EU, kombinert med den utfordrande balansen mellom relasjonen til USA og EØS-avtalen, kan setje oss i ein skvis dersom handelspolitikken mellom dei to blokkene blir meir konfronterande.
Utanriksministeren har tidlegare peika på at det er viktig å knyte Noreg tettare til EU for å sikre stabilitet i handelspolitikken og støtte norske interesser i møte med eit meir proteksjonistisk USA.