Skriftlig spørsmål fra Abid Raja (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:589 (2024-2025)
Innlevert: 05.12.2024
Sendt: 05.12.2024
Besvart: 13.12.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Abid Raja (V)

Spørsmål

Abid Raja (V): Er EØS-avtalen skikket til å sikre forutsigbarhet for norske aktører som jobber inn mot kunnskapsprogrammene i EU?

Begrunnelse

Når Europakommisjonen i 2025 skal legge fram et forslag til nytt langsiktig 7 årig budsjett, er en av de store prioriteringene til Ursula von der Leyen å foreslå ett stort «konkurransefond» (European Competitiveness Fund). Tanken er å mer fleksibelt kunne mobilisere finansiering og flytte midler mellom de ulike programmene. En slik modell vil bli utfordrende for assosierte land som kun deltar i enkelte program (f.eks. Horisont Europa, Erasmus+, EU4Health, Digital Europe Programme osv.).

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Vilkåra for aktørar frå EØS/EFTA-landa som deltek i EUs programsamarbeid ligg fast i EØS-avtalen. Artikkel 81 sikrar mellom anna at institusjonar og føretak frå EØS/EFTA-landa har dei same rettane som deltakarar frå medlemslanda i EU, medan artikkel 82 inneheld reglar for det økonomiske bidraget frå EØS/EFTA-landa til programmet. Det at Noreg ikkje for kvar nye programperiode må forhandle om vilkåra for å delta, er med på å gjere deltakinga føreseieleg.
Som representanten har eg merka meg at kommisjonspresidenten har foreslått eit nytt stort konkurranseevnefond. Førebels er det ikkje kjent korleis eit slikt program vil sjå ut og fungere i praksis, inkludert korleis ein skal handsame fordelinga av midlar på budsjettet. Noreg er godt i gang med arbeidet med å medverke til utforminga av samarbeidet innanfor utdanning, forsking og innovasjon i neste programperiode. Vi følger utviklinga nøya for å sikre norske interesser og mogelegheiter til å delta på linje med aktørar frå medlemslanda, slik som i dag. I den samanhengen er det positivt at vi seinast i konklusjonane frå møtet i EØS-rådet i november i år fekk stadfesta at EU- og EFTA-sida er samde om at EØS/EFTA-landa også i neste programperiode skal delta på grunnlag av vilkåra i EØS-avtalen.