Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:588 (2024-2025)
Innlevert: 05.12.2024
Sendt: 05.12.2024
Besvart: 12.12.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Barneministeren sier til NRK de som utfører overgrep mot barn ødelegger liv og at det gjør henne skikkelig vondt. Hun sier imidlertid ingen ting om hvordan hun vil sikre bedre rutiner i barnevernet og på institusjoner for å trygge disse barna bedre.
Hva konkret kan man forvente at statsråden foretar seg?

Begrunnelse

Nylig ble det avslørt at det de siste fem årene er blitt varslet om minst 33 mulige seksuelle overgrep mot barn på barnevernsinstitusjoner begått av ansatte.
Gjennom ulike medier og saker fremkommer det at det finnes svært lite kunnskap, oversikt og informasjon om dette svært alvorlige temaet.
Flere Statsforvaltere sier de mangler oversikt og at det samlede tallet på slike varsler er tidkrevende og vanskelig å finne. Bufdir opererer med andre tall og begge instanser påpeker at det er krevende å fange opp slike overgrep og at det trolig finnes mørketall.
Dette er selvsagt rystende og totalt uakseptabelt ovenfor de barna det gjelder. Særlig alvorlig er det da det offentlige har ansvaret for omsorgen i et system som igjen utsetter dem for svikt og svik.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Overgrep mot barn på barnevernsinstitusjon frå tilsette er svært alvorleg, og skal ikkje skje. Institusjonane har eit ansvar for å gje forsvarleg omsorg og vern, og dei skal ha rutinar for å førebyggja, handtera og følgje opp mistanke om overgrep, også når mistanken er retta mot ein tilsett. Leiinga ved institusjonen har eit særleg ansvar.

Eg er særs bekymra over dei tala om overgrep som no kjem fram. Mi vurdering er at det trengs auka kunnskap og bevisstheit om risikoen i tenestene for tilsette som utnyttar sårbar ungdom. Det trengs forsterka tiltak for å forebygge overgrep og grenseoverskridande åtferd frå tilsette mot barn på institusjon.

Eg har tatt ei rekkje initiativ overfor Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir); Eg har bede direktoratet syte for at det blir gjennomført ein felles vurdering av risiko for seksuelle overgrep på alle institusjonar. Bufdir skal ut frå dette føreslå risikoreduserande tiltak. Bufdir skal gjennomgå krav og rutinar til tilsette og leiarar på institusjonar, inkludert vikarar. Grenseoverskridande åtferd er eit sentralt tema i leiaransvaret i alle institusjonar, med risikovurderingar og internkontroll som viktige verktøy for å redusere risikoen for overgrep. Institusjonane skal ha reglar, kultur og systematikk for å hindre grenseoverskridande åtferd mellom tilsette og ungdommane, og internkontroll for å sikre at reglane blir følgt og at avvik blir fanga opp. Kunnskap om tema hos tilsette er sentralt. Dei må kjenne til rutinane og eiga meldeplikt, og det må skapast ein kultur for at dette blir tatt opp som tema og blir snakka om i personalgruppene. Regional og nasjonal leiing i Bufetat må bidra til å setje temaet på dagsorden.

Eg har vidare bede Bufdir om ein gjennomgang av alle krav og rutinar på barnevernsinstitusjonar, og bede dei foreslå eventuelle nye tiltak eller forsterkingar av eksisterande risikoreduserande tiltak som kan hindre at barn blir utsett for seksuelle overgrep frå tilsette på institusjon. Barn skal medvirke i vurderinga og utviklinga av tiltak. Direktoratet skal sjå til kunnskapsrapporten i Sverige og tiltaka som Statens institusjonsstyrelse (SiS) i Sverige har innført for å førebyggje seksuelle overgrep.

Bufdir skal òg gjere ein kartlegging av omfanget for å få fullstendig oversikt. Direktoratet skal gå gjennom alle kunnskapskjelder og sjå nærare på praksis og system for avviksrapportering og oppfølging av disse med tanke på læring og betring. Direktoratet er bede om å sikre betra rutinar for registrering av overgrep, og at også andre kjelder enn institusjonanes avvikssystem nyttast for å få meir sikker kunnskap om omfanget av seksuelle overgrep.

Direktoratet skal vidare gå gjennom krava som skal stillast til institusjonane når det gjeld tilsetjingar og personaloppfølgjing. Omfattande vikarbruk og høg gjennomtrekk av tilsette utgjer ein risiko. Bufdir er bede om å gjere ein gjennomgang av vikarbruken og vurdere tiltak for å redusere denne. Åleinearbeid og stor bruk av vikarar, er nokre av risikofaktorane som er påpeikt så langt.

Det er krav til politiattest ved tilsetjingar, og institusjonen kan òg be om fornya vandelskontroll viss det kjem fram nye opplysningar av betydning. Eg har bede om at Bufdir skal gå gjennom regelverket for politiattestar generelt og meir spesielt for utanlandske borgarar som ikkje har budd i Noreg.

Bufdir skal og gå gjennom rutinar for å sikre at alle barn får ei god forståing av kva som ikkje er akseptabel åtferd eller handlingar frå tilsette. I dette arbeidet er det særleg viktig å få kunnskap frå barn og unge som sjølve har erfaring med å bu på institusjon. Informasjon om grenseoverskridande åtferd frå tilsette må bli gitt til alle barn som bur på institusjon. Institusjonane må sørge for at dei tilsette og ungdommane saman drøftar grenseoverskridande åtferd, og har ei felles forståing for kva som ikkje er akseptabelt og kva ein skal gjere viss ein opplever overgrep eller veit at nokon andre er utsett for dette.
Institusjonane må syte for at barna kjenner til korleis dei på ein trygg måte kan varsle om seksuelle overgrep eller grenseoverskridande åtferd, anten til institusjonsleiinga eller Statsforvaltaren. Barn på institusjon må også ha kjennskap til Alarmtelefonen 116 111.

Tiltak retta direkte mot institusjonane må gjelde alle institusjonar, statlege, ideelle og kommersielle . Eg har derfor bede om at forvaltinga av kontraktane med private leverandørar av barneverninstitusjonar og regulering av krav og oppfølging av leverandørane skal vurderast. Og eg vil at Bufdir skal revidera indikatorar, rapporteringa og dialogen i styringa av dei private leverandørane.

Bufdir skal innan 17. januar 2025 gi tilbakemeldingar på oppdraget om tiltak som kan setjast i verk på kort sikt, og innan 1. mars 2025 fremme ein samla rapportering av risikoreduserande tiltak for å forebygge overgrep frå tilsette.

Tilsyn og internkontroll er viktig for å førebyggje og fange opp uønskte hendingar i institusjonane. Med bakgrunn i saka har eg også no bedt Statens helsetilsyn gjere ein vurdering av behov for nye verkemiddel for å tydeleggjere og auke kjennskap til arbeidsgivarens og institusjonane sitt ansvar for å førebyggje, avdekkje og følgje opp grenseoverskridande åtferd og sikre at dette er eit tema i kvalitetsutviklinga av institusjonstilbodet.

Eg vil også vise til at regjeringa skal opprette ein undersøkelsesordning for vald, overgrep og grov omsorgssvikt mot barn frå januar 2025. Målet er å få avdekka systemsvikt, også på tvers av sektorar, lære av svikt som skjer og styrkje arbeidet for å forebygge vald og overgrep mot barn. Undersøkelsesordninga vil vere viktig også for forbetringar i barnevernet.