Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:581 (2024-2025)
Innlevert: 04.12.2024
Sendt: 05.12.2024
Besvart: 12.12.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden sørge for at forvaltningen retter seg etter dommen og at ingen skal oppleve at tilsvarende saker som dette blir fulgt opp som ulovlighetsaker?

Begrunnelse

Det vises til Høyesteretts dom 3. desember 2024, HR-2024-2211-A, (sak nr. 24-084038SIV-HRET), sivil sak, anke over Gulating lagmannsretts dom 5. april 2024.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Saka stortingsrepresentanten viser til reiste spørsmål av prinsipiell betydning for både kommunane som bygningsstyresmakt og for private bryggjeeigarar. Som øvste plan- og bygningsstyresmakt har mitt departement eit særleg ansvar for å rettleie kommunane om plan- og bygningslova. Saka blei difor brakt inn for Høgsterett for å få ei rettsavklaring.
Høgsterett kom til at bryggja i denne saka ikkje var omfatta av meldingsplikta etter bygningslova av 1965. Eg har merka meg at Høgsterett på generelt grunnlag seier at private tilkomstbryggjer som var omfatta av unnataket i den tidlegare strandplanlova, ikkje kravde melding etter bygningslova av 1965. Eg merkar meg og at Høgsterett meiner det skjer ei endring i 1986, då plan- og bygningslova av 1985 tok til å gjelde.
Høgsterett seier vidare at spørsmålet om meldeplikt vil avhenge av særleg plasseringa i landskapet, arealbruken i området, omfanget av terrenginngrep og bruksområdet. Høgsterett seier og at bryggjer meint for privat bruk ikkje kravde melding så framt dei ikkje avveik frå normal storleik og karakter for slike bryggjer. Vidare avgrensa Høgsterett si vurdering til fortolking av ei lovføresegn, medan fleire kommunar i tillegg hadde vedtekter som kunne innebere søknadsplikt for bryggjer.
Dommen seier altså ikkje at alle bryggjer på generelt grunnlag ikkje var meldingspliktige etter bygningslova av 1965. Saker frå 1970-tallet og fram til 1986 som er samanliknbare med trebryggja Høgsterett har vurdert, har no fått ei avklaring.