Skriftlig spørsmål fra Abid Raja (V) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:571 (2024-2025)
Innlevert: 03.12.2024
Sendt: 03.12.2024
Rette vedkommende: Forsknings- og høyere utdanningsministeren
Besvart: 13.12.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Abid Raja (V)

Spørsmål

Abid Raja (V): Hvorfor har regjeringen foreslått å endre omregningen av IB vitnemål gjennom Samordna opptak på en slik måte at det kraftig svekker av oppnådde karakterer fra elever på IB utdanningen, og mener regjeringen at det er riktig å svekke verdsettelsen av IB elevenes læringsresultater og kvalifikasjoner?

Begrunnelse

I forbindelse med ny modell for omregning av karakterer for IB vitnemål har spørsmålsstiller fått en rekker henvendelser fra elever, lærere og skoleledere som er bekymret for konsekvensen av endringen. Norge var først i Norden og har hatt IB tilbud siden 1978. Begrunnelsen for disse etableringer er og har vært å kunne tiltrekke seg utenlandske investeringer, underlette for internasjonal mobilitet og rekruttering, men også å kunne tilby en alternativ opplæring for norske elever. Mens antallet IB elever rundt om i Europa og resten av verden har økt stadig kan Norske IB Skolers Forening (NIBS) konstatere at det har skjedd en stadig nedgang i elevtallet på IB i Norge. En nedgang som er direkte koblet til devalueringer av IB-elevers karakterer i de konverteringstabeller som presenteres av samordna opptak. Tilbakemeldingen fra NIBS er at innføring av ny konverteringstabell fra 2025 og det som oppleves som devaluering av kvalifikasjoner skaper usikkerhet og gjør at elever velger bort IB tilbudet.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Omrekningstabellar blir utarbeida i samband med opptak til høgare utdanning og ligg under ansvarsområdet til forskings- og høgare utdanningsministeren. Det er derfor eg som svarar på spørsmålet frå representant Raja.
Alle søkjarar til universitet og høgskular skal bli behandla likt og rettferdig, og dei konkurrerer om dei same studieplassane med sine karakterar frå vidaregåande opplæring. For at søkjarar med vitnemål/diplom frå andre skolesystem/land enn norsk vidaregåande skule skal kunne konkurrere i opptak til høgare utdanning med sine karakterar, må karakterane reknast om til norsk karakterskala (med beståtte karakterar frå 2 til 6). I 2010 fekk Samordna opptak (SO) myndigheit frå Kunnskapsdepartementet til å utarbeide omrekningstabellar, unntatt for fransk baccalauréat (fransk bacc) og International Baccalaureate (IB). I 2019 fekk dei myndigheit til å også lage omrekningstabellar for desse.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar i dag Samordna opptak og utarbeider alle omrekningstabellar. Den nye tabellen for IB skal tre i kraft frå neste års opptak (2025) og vart vedteken og varsla på nettstaden samordnaopptak.no i desember 2022. I tillegg varsla HK-dir interessentar om tabellen.
Dagens tabell for IB vart utarbeidd av ein arbeidsgruppe på 90-talet. Tabellen har stått uendra sidan 2009. Arbeidsgruppa gjorde nokre vurderingar som vi i dag ikkje har dokumentasjon på, men vi veit at dei ikkje nytta seg av ein statistisk modell. HK-dir har gjort greie for til departementet at dagens tabell gir store fordelar til IB-elevar ved opptaket til høgare utdanning. Tal frå HK-dir viser at antal IB-søkjarar som blei rekna om til å ha eit gjennomsnitt på 6,0 (høgaste karaktergjennomsnitt i norsk skule) var 30 gongar høgare enn for søkjarar med norsk vidaregåande skule, i årets opptak. Det er svært lite sannsynleg at det er så stor skilnad på dei ulike elevpopulasjonane. Eg minner om at det er mange studiespesialiserande utdanningsprogram på norske vidaregåande skular som har svært høge inntaksgrenser. Det vil alltid vere mogleg å argumentere for at nokre skular er betre enn andre, både innanfor det norske skulesystemet og i samanlikning med utanlandske skulesystem. Men opptakssystemet må behandle alle søkjarar mest mogleg rettferdig og kan difor ikkje ta inn slike subjektive vurderingar.
For å lage omrekningar har HK-dir informert departementet at dei samanliknar Utdanningsdirektoratets (Udir) offisielle statistikk for gjennomsnittskarakterar på vitnemål frå norsk vidaregåande skule, med statistikk frå den vidaregåande skulen i eit anna land eller utdanningssystem, der slik statistikk er tilgjengeleg. Samanlikninga er ei rein statistisk
samanlikning av populasjonane. HK-dir har om lag hundre omrekningstabellar på sine nettsider og nyttar ein statistisk metode utarbeidd av Norsk Reknesentral (NR). HK-dir har utarbeidd den nye IB-tabellen ved å nytta den same metoden. Dei har nytta data frå IB (gitt ut av den internasjonale stiftinga IB) og data frå vitnemål frå studiespesialiserande utdanningsprogram i norsk vidaregåande skule. HK-dir gjer ikkje subjektive vurderingar, men baserer seg på ein heilt objektiv statistisk metode som altså er utarbeidd av Norsk Reknesentral.
Representanten Raja viser til at det har vore ein stadig nedgang i kor mange elevar som tar IB i Noreg. Sverige og Danmark nyttar svært like omrekningstabellar som den tabellen HK-dir no har laga, i sine respektive opptak til høgare utdanning. Dei la om sine IB-tabellar til å vere basert på statistikk for fleire år sidan. HK-dir har spurt utdanningsmyndigheitene i desse landa om innføringa av slike tabellar førte til store endringar i talet på IB-elevar eller -liner hos dei. Sverige såg inga nedgang etter si omlegging i 2016 eller at tilbod vart lagt ned. Danmark seier det har hatt ein auke i antal IB-elevar dei siste 20 åra.
Omrekningstabellar er ikkje ei devaluering av nokre sine kvalifikasjonar, men ein metode for å gjere konkurransen om studieplassar meir rettvis. Kampen om studieplassane i høgare utdanning er eit nullsumspel. Viss nokre søkjarar får ein fordel, vil det bety at andre søkjarar får ei ulempe.