Alfred Jens Bjørlo (V): Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitstenestene (EOS-utvalet) har over lang tid påpeikt at sakshandsamingstida for søknader om sikkerheitsklarering er uakseptabel lang, så lang at det bidrar til å undergrave tilliten til heile systemet, og rammar både arbeidsgivarar som treng kritisk kompetanse og personane som må vente på svar i opptil fire år.
Kva vil Justisministeren gjere for å få ned den uakseptabelt lange sakshandsamingstida for sikkerheitsklarering særskilt i NSM, men også i FSA og SKM?
Begrunnelse
EOS-utvalet si årsmelding for 2023 gir ei grundig oversikt over saksbehandlingstidene for sikkerheitsklarering i Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM), Sivil Klareringsmyndighet (SKM) og Forsvarets Sikkerhetsavdeling (FSA).
I 2023 avgjorde til dømes NSM 104 klagesaker med ei gjennomsnittlig saksbehandlingstid på 453 dager, ei tid EOS-utvalet karakteriserer som «uakseptabelt lang» - og er eit problem som har vedvart over fleire år. Utvalet ser også med uro på at saksbehandlingstidene for klarering i FSA og SKM er aukande, sjølv om dei ikkje er like lange som hos NSM.
Dei lange saksbehandlingstidene bidrar etter EOS-utvalet si vurdering til å «undergrave tilliten til klareringssystemet» (sitat frå årsrapporten frå 2023).
Det finst dokumenterte døme på til dømes IT-konsulentar som har mista oppdrag og levebrød på grunn av den lange saksbehandlingstida, og at situasjonen skaper til dels store problem både for bedrifter i m a IT-bransjen og for statlege etatar som Statsbygg og Forsvarsbygg.