Skriftlig spørsmål fra Cato Brunvand Ellingsen (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:531 (2024-2025)
Innlevert: 29.11.2024
Sendt: 29.11.2024
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 06.12.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Cato Brunvand Ellingsen (SV)

Spørsmål

Cato Brunvand Ellingsen (SV): Hvordan kan statsråden intensivere arbeidet med å sikre barn, unge og andre som lever i ekstra sårbare livsforhold i byområder med opphopning av levekårsutfordringer, som Søndre Nordstrand i Oslo, en god oppvekst og like muligheter som andre, særlig når kommunene de bor i velger å prioritere de få med mye i stedet for de som har minst?

Begrunnelse

Bydel Søndre Nordstrand i Oslo er blant de stedene i landet der folk som bor der har lavest utdanning, lavest inntekt i husholdninger med barn, høyest andel ikke sysselsatte, høyest andel med innbyggere som ikke har fullført videregående skole, høyest andel i alderen 15-29 år som er utenfor arbeid, utdanning eller opplæring og høyest andel som bor trangt. Det er flere slike byområder med opphopning av levekårsutfordringer. Flere av områdene er også utpekt som ekstra innsatsområder for politiet.

Samtidig ser vi kutt i tiltak i disse områdene som nettopp skal styrke levekår, sikre gode livsforhold og forebygge kriminalitet. Eksempelvis vil det foreslåtte budsjettet for 2025 i Søndre Nordstrand innebære kutt i 10 % av stillingene, nedleggelse av fritidsklubber, redusert tilbud i barnehager og helsetjenester, nedtrapping av avlastning, familieoppfølging, brukerstyrt personlig assistanse og en lang rekke andre tiltak og tjenester som først og fremst har som målgruppe mennesker som lever i landets mest utfordrende livssituasjoner.

Dette vil først og fremst gi alvorlige konsekvenser for innbyggerne i de levekårsutsatte områdene, men vil få sosiale og økonomiske ringvirkninger langt utover dette.

I eksempelet som jeg bruker her så har et høyrestyrt byråd valgt å kutte i eiendomsskatt for de med mest i stedet for å satse på barn og unge som har minst. Jeg forstår, særlig derfor, at statsråden kan velge å peke på kommunene som dem som har ansvar for situasjonen. Samtidig har forskere pekt på behovet for en permanent krisepakke for å redusere ulikhetsgapet som setter preg på de mest utsatte byområdene. Dette må også være et statlig ansvar.

Jeg ser frem til statsrådens svar.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg er i likskap med representanten, bekymra for barnefamiliane som slit og konsekvensane dette har for barna. Regjeringa arbeider for å jamne ut forskjellar i levekår, sikre sosial mobilitet og førebyggje fattigdom. Regjeringa er oppteken av at alle barn skal ha like mogelegheiter, uavhengig av utgangspunktet deira, og vi vil prioritere dei universelle velferdsgoda. Derfor har vi vore samde med Sosialistisk Venstreparti om å auke barnetrygda, og vi har styrkt tenestetilbodet for barn og unge ved å prioritere rimelegare barnehage og gratis deltidsplass i skulefritidsordningar. Den siste semja mellom regjeringspartia og Sosialistisk Venstreparti om statsbudsjettet for 2025 er eit uttrykk for vidare styrkingar av desse velferdsgoda.
Eg vil også legge til at ein i denne regjeringsperioden har løyvd meir pengar til rimelegare eller gratis aktivitetstilbod gjennom ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge. Tiltaka skal i sum bidrege til å gi fleire barn og unge i fattige familiar betre levekår, og gi barna betre høve til å delta på fritidsaktivitetar. Tidlegare i år lanserte regjeringa Alle inkludert! Handlingsplan for like moglegheiter til å delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktiviteter og sat av 120 millionar kroner ekstra til arbeidet i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2024. Vidare arbeider fem statsrådar no med ei felles melding til Stortinget om sosial utjamning og sosial mobilitet blant barn og unge, som skal leggjast fram våren 2025. Meldinga skal følgje opp dei to ekspertgrupperapportane om barn i fattige familiar og om sosial utjamning og sosial mobilitet i barnehage og skule.
Eg vil og minne om at Regjeringa i 2025-budsjettet har foreslått å setje av 2,8 milliardar kroner til å motverke kriminalitet til neste år, mellom anna 405 millionar kroner til målretta tiltak til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet for å stoppe den negative utviklinga.
Så er det viktig med særleg merksemd om einskilde grupper barn og unge, og representanten viser til sårbare barn og unge i byområde med levekårsutfordringar. Eg viser difor til politikken med områdesatsingar. Det er ein felles ekstra innsats mellom stat og kommune for nettopp å betre levekår og nær- og bumiljø i byområde med konsentrasjon av levekårsutfordringar. Bakgrunnen for og formålet med områdesatsingane varierer noko mellom kommunane som tar del i denne satsinga. Fellestrekk er behov for å løfta nærmiljøa og kvalitetar ved områda, og å betre individuelle levekår for innbyggjarane, til dømes ved å auka deltakinga i arbeids- og samfunnsliv. Eit anna formål med områdesatsingar er å få til eit samspel mellom ulike aktørar gjennom at det blir arbeidet på tvers av sektorar og nivå, slik at tenester og tilbod skal treffa behova til befolkninga betre.
I dag er det 14 kommunar som har avtale med staten om områdesatsing. Kommunar med avtale om områdesatsing får eit øyremerkt tilskot frå Kommunal- og distriktsdepartementet over ordninga områdesatsing i byar. Tre av kommunane – Oslo, Bergen og Trondheim – får i tillegg eit øyremerkt tilskot frå Husbanken til bustad- og områdeutvikling i byar. Oslo får òg øyremerkte tilskot over budsjettet til fem andre departement. Oslo får mest i samla tilskot til områdesatsingar, og i budsjettforslaget for 2025 frå Kommunal- og distriktsdepartementet er totalt 157,5 millionar kroner føreslått til Oslo, av ei samla tildeling til områdesatsingar over fleire departements budsjett på i underkant av 258 millionar kroner. Bydel Søndre Nordstrand blir omfatta av områdesatsingane i Oslo gjennom Oslo sør-satsinga for perioden ut 2026. Utover tilskot frå staten har Oslo kommune eigne midlar til områdesatsingane. Områdesatsinga gjer ekstra innsats i bydelen mogleg.
Eg vil her framheve at det generelt er kommunane som er best i stand til å vurdere kva som trengs mest i kommunen deira. Det kommunale sjølvstyret gir rom for skreddarsydde løysingar for kvart lokalsamfunn, tilpassa dei utfordringane dei står overfor. Kommunesektoren er difor i all hovudsak rammefinansiert og hovudsakeleg gitt frie midlar til å prioritere slik dei vurderer behova.
Det er samstundes naudsynt å halde fram med å fremje politikk for alle barn og unge, og som bidreg til gode oppvekst og like moglegheiter. Dette blir viktig nå regjeringa skal leggje fram ein samla politikk i den kommande meldinga til Stortinget om sosial mobilitet og sosial utjamning våren 2025.