Skriftlig spørsmål fra Dag-Inge Ulstein (KrF) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:495 (2024-2025)
Innlevert: 26.11.2024
Sendt: 27.11.2024
Besvart: 05.12.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Dag-Inge Ulstein (KrF)

Spørsmål

Dag-Inge Ulstein (KrF): Kirkemusikkutdanningen ved NTNU vil nå bli nedlagt. Da statsråden tidligere ble utfordret på dette har statsråden uttrykt at han har tillit til at NTNU gjør nødvendige vurderinger som ivaretar samfunnsbehovene.
Har statsråden fortsatt denne tilliten, og ser statsråden i det hele tatt kirkemusikermangelen som et ansvar for departementet?

Begrunnelse

Det er stort behov for flere kirkemusikere, men utdanningen legges likevel ned. Det er paradoks. Universitetene er gitt en autonomi og et finansieringssystem som rett og slett ikke sikrer dette behovet. Her vil verdifull og viktig kompetanse forsvinne ut, samtidig som behovet vil øke de neste årene. Det er svært trist om samfunnet blitt så fattig på kulturbevissthet at vi ikke lenger skal utdanne profesjonelle musikere til kirkeorglene.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Universiteta og høgskulane er rammefinansierte og avgjer sjølve korleis dei disponerer midlane sine for å nå dei måla som er sette for sektoren og den einskilde institusjonen. Det inneber blant anna at institusjonane har ansvar for å dimensjonere studietilboda sine i tråd med interessa frå søkarane og behova i arbeidslivet. Samtidig er regjeringa mellom anna i utsynsmeldinga frå 2023 tydeleg på at vi særleg prioriterer kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, for å ha gode velferdstenester i heile landet og for å gjennomføre det grøne skiftet. I profesjonsmeldinga i år understrekar vi at lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagleg personell har nøkkelroller for velferd og verdiskaping og at vi treng at fleire utdannar seg til desse profesjonsyrka.
Jobben til regjeringa er å sørge for gode rammevilkår og tydelege mål og forventningar til institusjonane. Kunnskapsdepartementet bør ikkje drive ei detaljstyring som inneber å overprøve dei faglege vurderingane som kvar institusjon gjer for sine utdanningstilbod og innhaldet i dialogen dei har med arbeidslivet og andre aktørar i desse spørsmåla. Eg forventar at Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet gjer gode faglege vurderingar for at studieporteføljen samla sett blir innretta på ein slik måte at den best mogleg svarar til behova for lokalt, regionalt og nasjonalt arbeidsliv, innanfor dei økonomiske rammene institusjonen rår over.
Generelt er eg kjend med at både Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og fleire andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren står i ein krevjande økonomisk situasjon, der fleire står i omstillingsprosessar og vurderer nedlegging av ulike studieprogram. Eg har tillit til at institusjonane gjer dei nødvendige vurderingane og prioriteringane for å samla sett ivareta behova samfunnet har for høgare utdanning.
Hausten 2024 var det totalt seks studentar på kyrkjemusikkutdanninga til NTNU, fordelt med tre studentar på høvesvis bachelorutdanninga og årsstudium. Eg vil minne om at det framleis er fleire utdanningstilbod i kyrkjemusikk andre stedar i landet. Noregs musikkhøgskole (NMH) og Universitetet i Stavanger tilbyr fireårig bachelorutdanning i kyrkjemusikk. NMH tilbyr òg ein erfaringsbasert masterutdanning på 90 studiepoeng og årsstudium. NLA Høgskolen og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet/VID vitenskapelige høgskole tilbyr årsstudium i kyrkjemusikk som vidareutdanning.