Skriftlig spørsmål fra Mahmoud Farahmand (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:487 (2024-2025)
Innlevert: 26.11.2024
Sendt: 26.11.2024
Besvart: 03.12.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Mahmoud Farahmand (H)

Spørsmål

Mahmoud Farahmand (H): Mattilsynet har varslet endringer i plantesunnhetssertifikatordningen, også kjent som samlesertifikater.
Kan statsråden gjøre rede for bakgrunnen for disse endringene og om departement og mattilsynet har risikovurdert konsekvensene av disse endringen for norske bedrifter?

Begrunnelse

De varslende endringene i nevnt ordning vil bidra til å fordyre planteimport for de små og mellomstore blomsterhandlerne i landet. Mange av disse er frittstående familieeide og -drevne bedrifter som vil rammes hardt av de varslede endringene. slik det fremstår nå vil endringene bidra til å redusere konkurransen i bransjen og øke maktkonsentrasjonen i hendene på noen få store aktører, slik vi har sett i andre bransjer. Dette vil påvirke forbrukerne som får et dårligere og mest sannsynlig dyrere tilbud.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Plantehelseregelverket skal hindre plantesjukdommar frå å komme inn i Noreg. Planter og planteprodukt må ha plantehelsesertifikat og bli mottakskontrollert av importøren, som melder dette til Mattilsynet. Mattilsynet gjennomfører stikkprøvekontrollar og frigir varene.
Dagens ordning inneber at fleire importørar kan samarbeide om ei felles plantesending med eit samlesertifikat. Kvar importør er ansvarleg for mottakskontroll av delsendinga si, men berre éin importør melder til Mattilsynet. Mattilsynet frigir heile sendinga når denne importøren har meldt at mottakskontroll er gjennomført for sin del av sendinga. Resten av importørane skal òg utføre mottakskontroll, men treng berre melde til Mattilsynet dersom det er avvik.
Mattilsynet har foreslått å sende på høyring å oppheve ordninga med samlesertifikat. Endringa skal gjere regelverket enklare å forstå og gi klarare ansvar for importørane. Gjeldande regelverk er komplisert og fører til fragmentert ansvar. Det er mellom anna uklart kven av importørane som har ansvaret for sendinga og det tilhøyrande samlesertifikatet, tidspunktet for når delsendingar kan omsetjast, og kven som skal førast opp som vareeigar i eit samlesertifikat. Ordninga kan bidra til forskjellsbehandling ettersom det er utfordrande å spore delsendingane og gjennomføre kontroll av varepartia.
Samlesertifikatordning er ikkje vanleg i internasjonal handel og gjeld berre omlag 3,5 % av planteimporten til Noreg. 99 % av desse sendingane kjem frå to eksportørar i Danmark. Samlesertifikat lèt seg dessutan vanskeleg sameine med ambisjonen om eit meir digitalt og risikobasert tilsyn.
Oppheving av samlesertifikatordninga kan gi noko auka kostnadar for importørar som samarbeider. Det er gjerne små og mellomstore, uavhengige blomsterbutikkar og hagesenter som nyttar ordninga. Prisen på eit dansk plantehelsesertifikat kan utgjere omlag 1500 kroner. Sjølv om unntaksordninga blir oppheva, vil aktørane kunne samarbeide om logistikk mm.
Representantar frå faghandelen har uttalt at fagbutikkane treng denne ordninga for å kunne ha eit anna vareutval enn dei store kjedene.
Ifølgje Mattilsynet vil endringa gi klarare ansvar for importørane og forenkle Mattilsynet si sakshandsaming og kontrollarbeid. Det vil leggje betre til rette for risikobasert kontroll, digitalisering og vi får meir likskap for lova.
Eg har bedt Mattilsynet om å foreslå ei generell oppdatering av plantehelseregelverket. Dei foreslåtte endringane når det gjeld plantehelsesertifikat er ein del av dette arbeidet. Oppdateringa inneber mellom anna forslag om ei ny kategorisering av planteskadegjerarar, ei innskjerping av importkrava og tilrettelegging for digitalisering og meir moderne forvaltning.
Eg vil no gå gjennom forslaget frå Mattilsynet og vurdere eventuelle endringar før det vert sendt på alminneleg høyring. Høyringsinnspela vil så bli vurdert før eg fastset nytt regelverk.