Skriftlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:461 (2024-2025)
Innlevert: 22.11.2024
Sendt: 22.11.2024
Besvart: 02.12.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Vil statsråden forut for den varslede svekkelse av utdanningsstøtte for pilotutdanningen, sørge for en utredning av hvilke konsekvenser en slik endring vil ha for studentenes reelle mulighet til å gjennomføre utdanningen i Norge, konsekvensene for flyskolenes evne til å opprettholde tilbudet og flyselskapenes evne til å rekruttere kompetent personell på kort og lang sikt?

Begrunnelse

I sitt svar på mitt spørsmål, dokument nr. 15:370 (2024-2025), gir statsråden en utfyllende vurdering på alt annet enn det mitt opprinnelige spørsmål faktisk omhandlet. Jeg antar at både det, og at eventuelle utredninger ikke er lagt ved svaret slik som forespurt, er er klart signal om at regjeringen ikke har utredet konsekvensene for en rekke aktører.
Det er etter min vurdering både uheldig og trolig i strid med regjeringens egen utredningsinstruks. På denne bakgrunn vil jeg sterkt anmode om at regjeringen gjennomfører en grundig konsekvensanalyse forut for en beslutning som kan true eksistensgrunnlaget til flyskolen både i Arendal og i Sandefjord.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: I ei utgreiing av ei sak som dette har vi sjølvsagt lagt utgreiingsinstruksen til grunn og vurdert omsyna til dei som vil kunne bli påverka av endringane. Omsynet til rekruttering i luftfarten er i denne saka eitt av omsyna, men som nemnt i mitt førre svar vurderer vi at konsekvensane for studentane er for store til å forsvare modellen i dag, kor studentane må bere heile ansvaret og risikoen sjølv. Vi har òg lagt vekt på at staten allereie fullfinansierer flygarutdanning i Bardufoss og gjennom Forsvaret, og at studentane som tek luftfartsutdanning ved private flyfagskular vil få den same økonomiske støtta som alle andre studentar. Dersom flyselskapa meiner at dei har behov for fleire flygarar enn det ei slik modell inneber, vil eg oppmode selskapa og NHO Luftfart til å sjå på andre modeller enn at studentane tek heile risikoen og rekninga slik som i dag.
Fagskulane denne saka gjeld, er heilt private verksemder og får ikkje statleg tilskott. Sidan desse fagskulane ikkje må forhalda seg til krava for fagskular som får statleg tilskott, har ikkje styresmaktene føresetnadar for å kunne kontrollere eller vurdere den økonomiske tilstanda i dessa bedriftene eller kva for vurderingar eigarane vil gjere dersom rammevilkåra endrar seg. Det vil difor ikkje vere naturleg for styresmaktene å gjennomføre ei detaljert utgreiing av dei økonomiske konsekvensane for desse private verksemdene.
Til sist vil eg igjen vise til den offentlege høyringa om denne saka der vi oppmodar alle til å komme med innspel innan 31. januar 2025, slik at vi får tatt ei god avgjerd som vektar dei ulike omsyna i saka. Eg vil – sidan representanten framstår som uroa for ivaretaking av Utgreiingsinstruksen – også minne representanten på at ei offentleg høyring er ein viktig del av utgreiinga av ein sak i forvaltninga.