Liv Kari Eskeland (H): Viser til mitt spørsmål nr. 335, og statsråden sitt svar på dette, og aksepterer at det vil ta noko lengre tid å finne svar på mitt spørsmål enn dei tilmålte 6 dagar. Statsråden må gjerne kome med ei førebels løypemelding for kor lang tid det vil ta å finne svara. Gjentek difor spørsmålet:
Kan eg be om å få ei oversikt over estimerte årlege kostnader i fm. dyrepåkjørsler med tog pr. år?
Begrunnelse
Å få ei oversikt over kostnader for dyrepåkjørsler er svært relevant i forhold til midlar som må bevilgast ved togskinner for å hindre slike påkøyrslar. Slike ulukker fører til forsinkelser, stans i trafikk, øydelagde togsett, togsett ute av drift, ekstraressursar for å hente ut vilt mm, i tillegg til lidingar som dyra må gjennom. Det vert brukt ein del ressursar kvart år for å sette opp viltgjerder, og vedlikehalde desse gjerda, og det er av interesse å få gjort ei vurdering av om desse tiltaka står i forhold til dei kostnadane slike påkjørsler medfører.