Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:440 (2024-2025)
Innlevert: 20.11.2024
Sendt: 21.11.2024
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 26.11.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Er statsråden interessert å finne ut kva skatteflyktningane til Sveits har hatt å seie for kommunesektoren sine inntekter?

Begrunnelse

i spørsmål 15:302 spurte eg statsråden om hvor mye anslår regjeringen at norske kommuner har tapt på skatteflyktningen til Sveits. Statsråden svara dette på spørsmålet: Dette eit grovt anslag på makronivå som ikkje gir grunnlag for å dekomponere effektar av ulike moglege årsaker til reduksjonen. Altså at det ikkje er grunnlag for å finne ut denne del av skattesvikten som fylgje av den utflyttinga pga. regjeringa sin skattepolitikk. Sidan det ikkje var mogleg å svare på effekten prøver eg meg igjen om statsråden er interessert å finne ut svaret på dette? Det er noko stortinget og folk vil ha interesse av å vite og eg ville trudd regjeringa også hadde likt å visst effekten av slik utflytting har å seie for kommunesektoren.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Som nemnt i svar frå kommunal- og distriktsministeren på spørsmål 15: 302, anslår regjeringa at skatteinntektene for kommunesektoren for 2024 vil bli lågare enn anslått i statsbudsjettet for 2025.
Finansdepartementet har på noverande tidspunkt ingen indikasjonar på at skatteinngangen for 2024 blir lågare enn anslått som følge av at enkelte personar har flytta til Sveits.
For kommunesektoren samla vil dette over tid uansett ha lite å si fordi det er realveksten i frie inntekter som bestemmer kommunesektorens handlingsrom, ikkje skatteveksten isolert sett. Ein eventuell svakare vekst i skatteinntektene enn anslått i budsjetta som følge av årleg utflytting vil for kommunesektoren samla sett bli motverka gjennom auka kommunal og fylkeskommunal del av skatt på alminneleg inntekt. Utflytting kan ha meir varige effektar for enkeltkommunar. Men ein betydeleg del av dette blir i så fall kompensert gjennom inntektsutjamninga i inntektssystemet.