Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for kva tiltak som regjeringa har sett iverk for å skjerpe inn rutinane for midlertidig skilting, med tanke på maximal trafikktryggleik?
Begrunnelse
For ei tid tilbake hadde eg fleire spørsmål til samferdselsministeren ang. skilting og feilaktig bruk av skilt ved ulike vegarbeid.
Unødvendig og feil skiltbruk har slett ikkje blitt bedre, og framstår fortsatt både tilfeldig og slurvete håndtert.
Skilt blir fortsatt på E 6 frå Otta til Oslo og på Rv 15 ved ulike vegarbeid eller andre tiltak, utegløymt, enkeltskilt står igjen, skilt er ikkje fullstendige der det manglar opphevingsskilt, skilt står igjen på vegarbeider i helgane der dette ikkje er nødvendig osv.
Sågar har eg registrert automatiske lysskilt som pluttseleg på E6 i 110 sona brått er skilta 70, utan skilt verken før eller etter, og som åpenbart var feil.
Feil og mangelfull bruk av skilting medfører trafikkfare, og dette trudde eg statsråden hadde skjerpa inn.