Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:420 (2024-2025)
Innlevert: 18.11.2024
Sendt: 18.11.2024
Besvart: 26.11.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): FN skal denne veka ta stilling til om det skal startast forhandlingar om ein skattekonvensjon.
Vil Noreg stemma for resolusjonen no når EU-landa etter alt å dømma har flytta seg frå nei til avhaldande?

Begrunnelse

I november skal FNs generalforsamling stemma over ein resolusjon om internasjonalt skattearbeid. Dersom han vert vedteken skal det etablerast ein mellomstatleg forhandlingskomite leia av FNs medlemsland som i løpet av tre årlege møte i 2025, 2026 og 2027 skal koma opp med eit forslag til ein rammekonvensjon på internasjonalt skattesamarbeid.
Det ligg an til at resolusjonen vil verta vedtatt med god margin og at me endeleg etter mange års diskusjonar vil få ein skattekonvensjon i regi av FN. Det er gode nyhende for alle som vil redusera forskjellar og stoppa den store kapitalflukta frå Sør til Nord. Spørsmålet er om Noreg vil stilla seg på rett side og aktivt stemma for. Då mandatet vart lagt fram i august stemte Noreg skuffande nok avhaldande.
Stemmegjevinga vart grunngitt med ei bekymring for at ein skattekonvensjon i FN vil duplisera eksisterande prosessar innan internasjonalt skattesamarbeid. Regjeringa har også uttalt eit ynskje om å spela ei brubyggarrolle i forhandlingane for å sikra at alle land blir med. EU-landa har derimot flytta seg frå å stemma nei til å stemma avhaldande, så dette argumentet held lenger ikkje mål. For at Noreg skal kunna kalla seg ein brubyggar må ein denne gongen stemma ja.
Målet med ein skattekonvensjon er å laga eit globalt rammeverk for internasjonalt skattesamarbeid der alle land får delta på like fot, og innhaldet i konvensjonen kan gjerne bygga på framgang som har blitt oppnådd i andre forum viss FNs medlemsland ynskjer det. Statsministeren, utanriksministeren og utviklingsministeren har ved ulike høve uttalt at Noreg ynskjer ein skattekonvensjon og at dei vil delta aktivt og konstruktivt i den vidare prosessen.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Eg deler representanten sitt engasjement for arbeidet som no er påbyrja i FN for ein rammekonvensjon for internasjonalt skattesamarbeid.
Noreg har delteke aktivt i arbeidet så langt. Noreg sat i komitébyrået gjennom arbeidet med mandatet, representert ved Finansdepartementet. Vi har bidrege med fleire konkrete innspel i forhandlingane, og vi vil arbeide for at rammekonvensjonen blir eit effektivt instrument i kampen mot skatteunndraging og -omgåing, som kan være med på å styrka tilliten til offentlege institusjonar og demokratiet. Vi arbeider òg for at prosessen skal vere inkluderande, og at så mange land som mogleg deltek konstruktivt og engasjert i forhandlingane. Noreg skal også verne våre eigne skatteinteressar og norsk næringsliv sine interesser.
Vi hadde ønskja større gjennomslag for innspel på fleire område. Forhandlingane om problemstillingar som skal løftast i protokollane, bør byggje på gode analysar som sikrar felles forståing av komplekse sakstilfelle. Dette gir eit betre grunnlag for å finne semje i forhandlingane, slik at resultatet av forhandlingane får brei forankring. Om prosessen i FN skal få brei legitimitet blant medlemslanda, er det viktig at den byggjer på eit godt analytisk grunnlag og gir løysningar som vert akseptert av så mange medlemsland som mogleg.
Vi har òg teke til orde for at det i større grad blir lagt opp til synergiar med andre prosessar for internasjonalt skattesamarbeid, slik at dei gjensidig styrkar kvarandre. For å motverke skatteomgåing og skatteunndraging er internasjonalt skattesamarbeid avgjerande. Her er mykje oppnådd under ramma av Inclusive Framework og Global Forum on Transparency and Exchange of Information for Tax Purposes, mellom anna i arbeidet med informasjonsutveksling mellom skattemyndigheitene og semja om ein global minimumsskatt i pilar 2.
Skattediskusjonane er sensitive og polariserte langs nord/sør-skiljelinjer. Som brubyggjar i prosessen arbeider vi for at medlemslanda samlar seg om eit interessefellesskap for eit effektivt og inkluderande skattesamarbeid. Ein slik framgangsmåte vil òg gje medlemslanda i FN betre føresetnader for å samlast om ein handlingsdyktig prosess med brei semje når vi snart går inn i neste fase.
Vi har lagt ned mykje arbeid i fleire prosessar, og har bland anna ei brubyggjarrolla i OECD, OECD/G20 Inclusive Framework, Global Forum on Transparency and Exchange of Information for Tax Purposes, i FN og no senast som gjesteland i G20. Vi held fram med det. Vi meiner brubyggjarrolla kjem best til uttrykk gjennom ei brei og langsiktig tilnærming langs fleire spor.
Dei formelle forhandlingane om resolusjonen om internasjonalt skattesamarbeid i FN er nyleg avslutta. Uformelle sonderingar held fram mellom land og grupper. Det er ikkje klart kva det til slutt vil røystast på. Det er difor for tidleg å kommentere røystinga på resolusjonen.