Skriftlig spørsmål fra Tobias Drevland Lund (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:414 (2024-2025)
Innlevert: 17.11.2024
Sendt: 18.11.2024
Besvart: 25.11.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Tobias Drevland Lund (R)

Spørsmål

Tobias Drevland Lund (R): Hvorfor mener regjeringen det er nødvendig å se NOU 2024:19 i sin helhet, når husleielovutvalget delte opp arbeidet i den hensikt at første delrapport kunne behandles i inneværende stortingsperiode?

Begrunnelse

Regjeringen har i statsbudsjettet foreslått at ingen del av Husleielovutvalget sitt arbeid vil bli behandlet av departementet i inneværende stortingsperiode. Departementet skriver at de "ser behov for å sjå alle lovforslaga til utvalet i samanheng. Dette er viktig for å forstå verknadane dei har på marknaden og for butryggleika til leigarane". Det må da påpekes at det i husleielovutvalgets første delutredning er innhentet empiriske undersøkelser som tilsier at de foreslåtte endringene i liten grad vil påvirke markedet og utleieres ønske om å leie ut sine boliger.
Det kan ikke være slik at utleierne, så fort leietakerne får tilkjent bedre rettigheter som sikrer deres botrygghet, må bli tilkjent rettigheter som styrker deres inntjeningsmuligheter. Dette omhandler i stor grad skatteregulering av sekundærboliger, og ikke spørsmål av husleierettslig art som en boligleielov er ment å ivareta. En ny boligleielov vil rette opp i det skjeve maktforholdet som vi opplever på leiemarkedet i dag, mellom utleier og leietaker- til utleier sin favør. Regjerningens beslutning om ikke å behandle delrapporten fordi utleiere ønsker å tjene mer, går direkte på bekostning av leietakeres grunnleggende botrygghet.
Det er ikke slik at behovet for en bedring av leietakernes bosituasjon har blitt mindre i inneværende regjeringsperiode. Leiemarkedet blir stadig mer presset, hvilket fordrer ytterliggere reguleringer i enda større grad enn da Husleielovutvalget ble oppnevnt i 2022. Det vil derfor være interessant å høre mer inngående om hvorfor regjeringen har besluttet å fravike Stortingets klare anmodningsvedtak som ble vedtatt i behandlingen av statsbudsjettet for 2023 som lød:

"Stortinget ber regjeringen sette ned et Husleielovutvalg som går gjennom Husleieloven for å vurdere hvordan den kan styrke leietagernes rettigheter, sikre grunnleggende botrygghet og at loven samsvarer bedre med dagens situasjon på leiemarkedet. Utvalget settes ned våren 2023, og en ny lov skal behandles i inneværende stortingsperiode".

Behovet for reguleringer er blitt større siden oppnevnelsen av utvalget og hensynet til utleierne i stor grad beror på andre reguleringer enn de som er foreslått i ny boligleielov.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: 18. oktober i år hadde eg gleda av å få overlevert husleigelovutvalet sin NOU 2024:19 med forslag til ny bustadleigelov. Med den har vi fått eit solid innspel til å vidareutvikle leigemarknadspolitikken og eit grunnlag for å fornye husleigelova.
Husleigelova har stor betydning for mange. Om lag ein million innbyggjarar leiger bustaden dei bur i. I 2023 vart det leigd ut om lag 605 000 bustader i Noreg, og omlag ⅔ av dei vart leigd ut av privatpersonar. Når Stortinget skal endre ei så sentral lov, er det viktig å kjenne godt til kva endringane vil ha å seie for korleis leigemarknaden fungerer.
NOU-en er no på ordinær høyring med tre månaders frist, slik utgreiingsinstruksen føreset. Etter høyringa vil departementet gjere ei fagleg vurdering av forslaga i lys av innspela vi har fått. I tillegg har utvalet peikt på ei rekke problemstillingar som departementet skal greie ut. I store lovarbeid som dette kan det også bli behov for ytterlegare høyringsrundar, til dømes viss høyringsinnspela synleggjer eit behov for andre endringar enn dei som allereie er høyrte. Utkast til lovproposisjon skal vidare på departementsforelegging og sentrale spørsmål skal leggjast fram for regjeringa. Husleigelova er ei viktig lov, og endring av husleigelova må gjerast gjennom alminnelege lovprosessar i regjering og Storting.
Representanten Drevland Lund spør kvifor regjeringa meiner det er nødvendig å vurdere NOU 2024:19 i sin heilskap, når husleigelovutvalet delte opp arbeidet i den hensikt at første delrapport kunne behandlast i inneverande stortingsperiode. Eg vil presisere at det ikkje var utvalet som delte opp arbeidet. Todelinga låg i mandatet som regjeringa ga til Husleigelovutvalet då dei blei oppnemnd ved kongeleg resolusjon 16. juni 2023. Ved å dele arbeidet opp i to, ville vi forsøke å leggje fram forslag om lovendringar i denne stortingsperioden.
På overrekkinga av NOU-en, sa eg følgjande: Vi skulle helst ha lagt fram deler av lovforslaget for Stortinget allereie neste vår. Det lar seg dessverre ikkje gjere. Både vi – og høyringsinstansane – treng å sjå vurderingane og forslaga frå utvalet i samanheng for å kunne gi Stortinget eit grundig utgreidd lovforslag. Husleigelova har stor betydning for mange, og for korleis marknaden fungerer. Det er derfor betre å ta seg noko lengre tid, enn å haste gjennom endringar vi ikkje ser rekkjevidda av. Dette er ikkje minst viktig i dei urolege tidene vi har stått i ei tid no, med høge rentar, høg inflasjon og ein pressa leigemarknad fleire stader i landet.
Eg meiner at NOU-en bekreftar at det var ein god slutning å sjå heile lovforslaget i samanheng og eg vil gjerne konkretisere eit døme på dette. Som rammeverk for leigemarknaden må husleigelova balansere leigarane sine rettar og utleigarane sine interesser. Første delrapport inneheld forslag til endringar i reglane om kontraktslengde og oppseiingsvern. Dette er forslag som styrkjer leigarane sine rettar. Det som kjem tydeleg fram i NOU-en er behovet for at ein rett for leigarane til å krevje forlenging av visse leigeavtalar (frå delrapport 1), må sjåast i samanheng med reglane om at utleigar skal kunne justere leige undervegs i leigeforholdet (frå NOU-en). Eit fleirtal i utvalet meiner at reglane om kontraktslengde og oppseiingsvern vil føre til eit redusert tilbod av utleigebustader dersom ein ikkje samtidig tillèt at husleiga blir justert til marknadsleige med jamne mellomrom. Fleire meiner at eit redusert tilbod kan ramme dei svakaste leigarane.
Dette er vurderingar eg må ta på alvor. Ein ny lov skal stå seg over lang tid. Som utvalet skriv i NOU-en, skal den sette rammer som fungerer for partane i tider med høg etterspørsel etter leigebustader, men òg i tider der tilbodet overgår etterspørselen og leigeprisveksten er låg.
Representanten skriv at det i husleigelovutvalets første delutgreiing er innhenta empiriske undersøkingar som tilseier at dei endringane som er foreslått i liten grad vil påverke marknaden og utleigaranes ønske om å leige ut sine bustadar. Første delrapport visar til ei undersøking der auka minstetid er vurdert isolert, men som ikkje vurderer konsekvensane av dei andre sentrale forslaga i første delrapport, som retten til å krevje forlenging av ein tidsbestemt avtale.
NOU-en er på høyring til 31. januar, og eg håper mange grip sjansen til å gi sine innspel. Både tilrådingane til utvalet og første høyring viser at dette er eit felt der det er ulike synspunkt, og eg er oppteken av å lytte og forstå. Eg har derfor òg varsla at eg vil ha innspelsmøte undervegs for å få flest mogleg perspektiv med meg inn i arbeidet, og eg vil om kort tid invitere til eit slikt innspelsmøte.
Eg kan forsikre stortingsrepresentanten om at arbeidet har høg prioritet og at eg ser fram til å jobbe fram forslag til ein fornya husleigelov. Eg arbeider for å leggje fram forslag så snart som råd, og eg vil også vurdere om det kan fremjast mindre, tekniske endringar som det er semje om i utvalet og hos høyringsinstansane tidlegare.