Skriftlig spørsmål fra Lene Westgaard-Halle (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:400 (2024-2025)
Innlevert: 11.11.2024
Sendt: 18.11.2024
Besvart: 25.11.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Lene Westgaard-Halle (H)

Spørsmål

Lene Westgaard-Halle (H): Kan statsråden gi en oversikt over hvordan denne prisendringen slår ut til forbruker, og hvordan dette følger opp Stortingets intensjon om at endringen av modell ikke skal føre endrede priser hos bonde, industri og forbruker?

Begrunnelse

I departementets høringsnotat om innføringen av volummodell for melk, heter det i pkt. 8 at:

"Departementet legger til grunn at de foreslåtte endringene i dette høringsnotatet ikke i seg selv vil føre til endrede priser til bonde, industri eller forbruker."

Dette står også i protokoll fra Jordbruksoppgjøret, og var en åpenbar forutsetning for at Stortinget også skulle støtte dette. Prisendringen som nå er varslet fra 1. januar, en endring som ikke kan gjøres med gammel modell, vil føre til prisøkning til industrien på nærmere 100 millioner kroner, og sannsynligvis rundt 300 millioner til forbruker.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Slik eg tolkar spørsmålet, viser representanten Westgaard-Halle til den varsla auken i planlagt gjennomsnittleg engrospris for første halvår 2025. Eg viser her til svaret eg gav på spørsmål nr. 275 frå representanten Bengt Rune Strifeldt i brev av 8. november i år, som i stor grad svarar ut det same spørsmålet.
I svaret til Strifeldt la eg vekt på å forklare bakgrunnen for at målprisen for mjølk vart avvikla og at volummodellen vart valt fordi det er denne modellen som best bidreg til føreseielegheit for sektoren, og at modellen gjer det mogleg å føre ein aktiv jordbrukspolitikk som støttar opp under mjølkeproduksjonen sin viktige rolle for matsikkerheit, verdiskaping og landbruk over heile landet. Av omsyn til ikkje å gå ut over rammene som er sett i WTO-avtalen måtte målpris avviklast innan 1. november. At den nye prismodellen medfører at staten ikkje kan setje prisen på mjølk, verken gjennom jordbruksoppgjeret eller gjennom andre direkte inngrep er heilt grunnleggjande. Ansvaret for å setje ein prisambisjon i form av ein planlagt gjennomsnittleg engrospris er lagt til Tine som marknadsregulator i sektoren.
Omlegginga frå målpris til planlagt gjennomsnittleg engrospris er eit nødvendig skifte i kven som fastset ein framoverskuande prisambisjon. Samstundes har det vore viktig å ikkje endre meir og fleire element i prissettinga i overgangen enn nødvendig. Partane i jordbruksoppgjeret var særleg opptekne av at omlegging til ny modell ikkje skulle medføre endringar i noteringa av engrosprisen, og at prisnoteringa av engrospris skulle førast vidare på teknisk sett same vis og på same grunnlag som før. I protokollen frå forhandlingane vart dette formulert ut slik; «partene legger til grunn at endringen i seg selv ikke skal føre til endrede priser til bonde, industri eller forbruker». Overgangen til ny prismodell frå 1. november skulle ikkje føre til endra prisar. Det skjedde heller ikkje. Endringa på 6 øre gjeld frå 1. januar.
I volummodellen for mjølk er det tydelege rammer for når Tine skal setje planlagt gjennomsnittleg engrospris. I forskrift om volummodellen for mjølk, heiter det at marknadsregulator skal fastsetje planlagt gjennomsnittleg engrospris innan utgangen av 20. april og 20. oktober kvart år. Partane i jordbruksoppgjeret peika på at det ved overgangen frå målpris til volummodell ville vere naudsynt å fråvike dei normale varslingstidene for varsling av planlagt gjennomsnittleg engrospris. Eg meiner dette viser at Tine både hadde ansvar for, og plikt til å setje planlagt gjennomsnittleg engrospris frå 1. november i år og frå 1. januar 2025.
Forskrift om volummodell for mjølk var på høyring og godt kjent i bransjen da Tine den 4. september varsla planlagt gjennomsnittleg engrospris frå 1. november (lik tidlegare målpris) og seinare den 16. oktober for 1. halvår 2025 (ein auke på 6 øre per liter). Tine si fastsetjing og varsling av planlagt gjennomsnittleg engrospris er innanfor rammer som var kjende for bransjen på fastsetjingstidspunktet og som no er forskriftsfesta.
Den varsla auken i planlagt gjennomsnittleg engrospris for første halvår 2025 er på 6 øre per liter, tilsvarande 0,9 prosent. Med eit mjølkevolum på om lag 1 500 millionar liter vil dette utgjere om lag 90 millionar kroner på engrosleddet. Eg kan ikkje sjå at ein auke i engrospris tilsvarande 90 millionar nærmast automatisk skal medføre at forbrukarprisane skal auke med 300 millionar slik representanten Westgaard-Halle legg til grunn.
Til slutt vil eg vil gjenta det eg også avslutta mitt svar til Strifeldt med. I jordbruksoppgjeret vart det lagt til grunn at Tine skal ta omsyn til konkurransekrafta til norsk mjølk, produksjonsvolum, produsentøkonomien og målet om jordbruk i heile landet, når dei skal fastsetje planlagt gjennomsnittleg engrospris. Desse omsyna, i tillegg til kvoteordninga og dei potensielle kostnadene ved overproduksjon av mjølk, gjev totalt sett rammer for prissetting på mjølk, som balanserer interessene til mjølkeprodusentane, dei ulike aktørane i meieriindustrien og forbrukarane. Eg trur det ville vore bra, både for bransjen, bonden og forbrukarane med ro om den nye prismodellen og heller ha fokus på den positive marknadsutviklinga vi har sett for norsk mjølk det siste året.