Skriftlig spørsmål fra Himanshu Gulati (FrP) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:354 (2024-2025)
Innlevert: 10.11.2024
Sendt: 11.11.2024
Besvart: 15.11.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Himanshu Gulati (FrP)

Spørsmål

Himanshu Gulati (FrP): Har regjeringen noen bekymringer rundt at de 10 829 antenneelementene i det omtalte forskningsradaranlegget i Skibotn i Troms er kjøpt fra et kinesisk firma som videre er heleid av et statlig selskap, og er det gjort noen sikkerhetsbetraktninger rundt dette, og har regjeringen noen tanker rundt bekymringene som er tatt opp av de amerikanske kongressmedlemmene Krishnamoorthi og Moolenaar i det nevnte brevet?

Begrunnelse

Dagbladet har omtalt et brev fra de amerikanske kongressmedlemmene Raja Krishnamoorthi og John Moolenaar til USAs utenriksminister Antony Blinken og forsvarsminister Lloyd Austin, hvor det blant annet uttrykkes sterk bekymring rundt kinesisk forskningsvirksomhet på Svalbard. Det skal i etterkant av brevet også vært en delegasjon fra USA på besøk til Norge.
Dagbladet har videre skrevet om byggingen av en avansert forskningsradar med et omfattende sender- og mottakeranlegg i Skibotn i Troms, bestående av 10 829 antenner fordelt på 119 antenneenheter.
Antenneenhetene er kjøpt inn fra det kinesiske selskapet East China Research Institute of Electronic Engineering (ECRIEE), som skal være heleid av China Electronics Technology Group Corporation (CETC, som igjen er heleid av den kinesiske staten.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Forskingsradaranlegget i Skibotn som representanten her viser til, er del av det nye radaranlegget til European Incoherent Scatter Scientific Association (EISCAT). Radaranlegget blir kalla EISCAT_3D. EISCAT driv radaranlegg for ionosfæreforsking, og Noreg har vore med i EISCAT-samarbeidet sidan starten i 1975. Medlemmar i EISCAT er Noreg, Sverige, Finland, Storbritannia, Japan og Kina.
Regjeringa har gjort fleire tryggleiksvurderingar knytte til EISCAT_3D-prosjektet. Dette er mellom anna fordi ein del av utstyret som blir nytta, er fleirbruksutstyr. Dette utstyret blir levert av svenske og finske leverandørar. Dei antenneelementa som er leverte frå Kina, er, sagt enkelt, berre metallet til antennene og representerer derfor ingen tryggleiksrisiko.
Før Noreg vart med i EISCAT_3D-prosjektet, måtte det på plass nokre endringar knytte til tryggleiken. Noreg stilte krav om endringar i vedtektene og avtalen om EISCAT som måtte aksepterast før Noreg kunne si ja til å bli med. Desse endringane galdt mellom anna understreking av EISCATs ikkje-militære formål, krav om at EISCAT berre kan spore objekt i bane dersom desse objekta er på ei førehandsdefinert liste, ei såkalla kvitliste, og at vertslanda har rett til å gjennomføre inspeksjonar.
Avtalen om EISCAT gir vertslanda rett til å gjennomføre inspeksjonar av anlegga i eige land, og av tilhøyrande dokumentasjon. Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) (ansvarleg koordinator) i samråd med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og Norsk Romsenter har fått i oppdrag å delta i inspeksjonar frå norsk side, i samarbeid med svenske og finske myndigheiter.
Det er også tryggleiksvurderingar som ligg bak omdanninga av EISCAT frå ei ideell foreining til eit aksjeselskap eigd av myndigheitene i dei tre vertslanda Sverige, Finland og Noreg. Aksjeselskapet EISCAT AB er no etablert, og målet er å få på plass naudsynte avtalar og løyve for overføring av verksemda frå EISCAT-foreininga til det nye aksjeselskapet frå nyttår.
Brevet frå dei amerikanske kongressmedlemmane viser mellom anna til koplingar mellom kinesiske forskingsinstitusjonar og Folkets frigjeringshær. Dette er ei kopling både regjeringa og norske forskingsinstitusjonar er klar over og som er tydeleg omtalt i nasjonale retningslinjer for ansvarleg internasjonalt samarbeid. Den geopolitiske utviklinga har sett forskingstryggleik høgt på den politiske agendaen over heile den vestlege verda. Noreg deltar aktivt i den internasjonale diskursen på området, og regjeringa følgjer nøye med på korleis allierte og andre likesinna land forheld seg til utviklinga. Forskingstryggleik og ansvarleg internasjonalt samarbeid vil vere sentrale tema i den kommande stortingsmeldinga om forskingssystemet, som blir lagt fram til våren.
Regjeringa jobbar allereie langs fleire spor for å styrkje tryggleiken i høgare utdanning og forsking og ruste norske institusjonar til å handtere risiko. Vi understrekar at kunnskapssamarbeid med Kina skal vere basert på norske interesser og byggje på etablerte verdiar og prinsipp for akademisk samarbeid. Ansvarleg internasjonalt samarbeid føreset at risiko blir vurdert både frå sak til sak og samla sett. Det er difor viktig at kunnskapssektoren er klar over at einskilde kinesiske institusjonar har særskilt nære band til Folkets frigjeringshær. Vi forventar at institusjonane og forskarane er særs aktsame i møte med kinesiske aktørar generelt, og særleg innanfor fag- og teknologiområde der EOS-tenestene påpeiker at særskild aktsemd er naudsynt.