Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:347 (2024-2025)
Innlevert: 08.11.2024
Sendt: 11.11.2024
Besvart: 15.11.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Mener statsråden det er forsvarlig å legge ned en etterspurt utdanning med et unikt fagmiljø med internasjonal betydning og et særskilt nasjonalt ansvar, der 35 års oppbygning og drift fjernes på under to måneder, uten at mulige alternativer for fortsatt drift er tilstrekkelig utredet og uten at faktagrunnlaget er avklart?

Begrunnelse

Høgskolen i Østfold må spare 56 mill. kr. Et av sparetiltakene som foreslås for høgskolestyret er å legge ned Akademi for scenekunst, som blant annet tilbyr Norges eneste utdanning (BA og MA) innen scenografi, i tillegg til BA i skuespill og MA i performance, samt en nyetablert fellesgrad Ph.D. i kunstnerisk utviklingsarbeid. Dette skjer etter en forhastet prosess, der beslutningen om nedleggelse skal styrebehandles kun 56 dager etter at saken ble fremlagt for styret første gang.
I september orienterte rektor om at det i et rent økonomisk perspektiv ikke fremsto som forsvarlig å videreføre driften av Akademiet, men at det må utredes videre hvorvidt driften skal legges ned, videreføres i en annen form eller av en annen aktør i sektoren. Når rektor i november anbefaler høgskolestyret at Akademiet nedlegges, skjer det uten en reell utredning av muligheten for å overføre utdanningen til en annen aktør, og i en situasjon der de involverte ikke er enige om faktagrunnlaget; især hvordan den nye finansieringsmodellen påvirker høgskolens økonomi.
Statsråden har tidligere understreket at hensikten med regjeringens nye finansieringssystem for universitet og høgskoler har vært å forenkle systemet og å gi lærestedene mer tillit og handlingsrom. Institusjonene skal dimensjonere studietilbud i tråd med arbeidslivets behov, etterspørsel fra søkerne og nasjonale forpliktelser. Akademi for scenekunst har høye søkertall, fulle studiekull, høy andel av studenter som fullfører på normert tid og Norges eneste scenografiutdanning. Innholdet i, og omfanget av, støttebrev fra hele verden understreker at Akademiet ikke bare spiller en viktig rolle regionalt og nasjonalt, men også internasjonalt. En mulig nedleggelse har vekket stor internasjonal oppmerksomhet som understreker behovet for en grundigere utredning.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Universiteta og høgskulane er rammefinansierte og avgjer sjølve korleis dei disponerer midlane sine for å nå dei måla som er sette for sektoren og den einskilde institusjonen. Det inneber blant anna at institusjonane har ansvar for å dimensjonere studietilboda sine i tråd med interessa frå søkarane og behova i arbeidslivet. Samtidig er regjeringa mellom anna i utsynsmeldinga frå 2023 tydeleg på at vi særleg prioriterer kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, for å ha gode velferdstenester i heile landet og for å gjennomføre det grøne skiftet. I profesjonsmeldinga i år understrekar vi at lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagleg personell har nøkkelroller for velferd og verdiskaping og at vi treng at fleire utdannar seg til desse profesjonsyrka.
Jobben til regjeringa er å sørge for gode rammevilkår og tydelege mål og forventningar til institusjonane. Kunnskapsdepartementet bør ikkje drive ei detaljstyring som inneber å overprøve dei faglege vurderingane som kvar institusjon gjer for sine utdanningstilbod og innhaldet i dialogen dei har med arbeidslivet og andre aktørar i desse spørsmåla. Eg forventar at Høgskolen i Østfold gjer gode faglege vurderingar for at studieporteføljen samla sett blir innretta på ein slik måte at den best mogleg svarar til behova for lokalt, regionalt og nasjonalt arbeidsliv, innanfor dei økonomiske rammene institusjonen rår over.
Statsbudsjettet for 2025 er det første året med resultatbasert utteljing etter det nye finansieringssystemet. Utteljinga er basert på endringa i resultat frå 2022 til 2023. Utdanningstilboda ved Akademi for scenekunst, som var innplassert i finansieringskategori A i det tidlegare finansieringssystemet, er no innplassert i kategori 2 som har ein lågare sats. Dei nye satsane inneber ikkje i seg sjølve lågare løyving til Høgskolen i Østfold. Dersom aktiviteten ved utdanningstilboda blir på same nivå som tidlegare, vil institusjonen verken tape eller tene på at den nye satsen er lågare. Endringar i aktiviteten framover med satsen i kategori 2 vil gi ei anna utteljing enn med den tidlegare satsen i kategori A. Dersom talet på gjennomførte studiepoeng går opp, vil auken i utteljinga til institusjonen vere lågare med den nye satsen. Tilsvarande vil det bli ein mindre reduksjon dersom talet på gjennomførte studiepoeng går ned. Høgskulane og universiteta får ei rammeoverføring, og dei avgjer sjølve korleis dei fordeler pengane internt i institusjonen. Regjeringa gjorde det klart at forenklinga av finansieringskategoriane ikkje var eit signal om at institusjonane skulle auke eller redusere kostnadene i einskilde utdanningar. Formålet er at institusjonane får eit større og meir heilskapleg ansvar for å fordele løyvinga mellom dei ulike utdanningane.
Generelt er eg kjend med at både Høgskolen i Østfold og fleire andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren står i ein krevjande økonomisk situasjon, der fleire står i omstillingsprosessar og vurderer nedlegging av ulike studieprogram. Eg har tillit til at institusjonane gjer dei nødvendige vurderingane og prioriteringane for å samla sett ivareta behova samfunnet har for høgare utdanning.