Liv Kari Eskeland (H): Kan eg be om å få ei oversikt over estimerte årlege kostnader i fm. dyrepåkjørsler med tog pr. år?
Begrunnelse
https://www.banenor.no/siteassets/handlingsplan-for-a-forebygge-dyrepakjorsler-pa-jernbanen-i-perioden-2022---2025-2.pdf
Kvart år er det fleire tusen dyrepåkjørslar med tog. Det er utarbeidd handlingsplanar for å motverke slike ulykker, men det tek tid å få effektuert desse handlingsplanane. Påkøyrslar ender ofte fatalt for dyra, men også togmateriell og skinner får skader, samstundes som det fører til forseinkingar og arbeid for togpersonellet. Vi vil gjerne vite kor store verdiar ein estimerar desse dyrepåkjørslane har for Bane Nor og togselskapa i løpet av eit år.