Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:330 (2024-2025)
Innlevert: 07.11.2024
Sendt: 07.11.2024
Besvart: 15.11.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kor langt er regjeringa komen med å følge opp Stortinget sitt anmodingsvedtak om å etablere ei prosjektgruppe saman med mineralnæringa som skal finne nye måtar å nytte overskotsmasser frå gruver inn i andre verdikjeder på?

Begrunnelse

I forbindelse med Stortingets behandling av Innst. 388 S (2023–2024) om mer landbasert mineralutvinning og sirkulærøkonomi, fattet Stortinget flere anmodningsvedtak til regjeringen.
Et av anmodningsvedtakene omhandler økt utnyttelse og bruk av overskuddsmasser fra gruvedrift til eksisterende og nye verdikjeder.
En del av massene som tas ut av berggrunnen i forbindelse med gruvedrift, kommer ikke til nytte. Hvor stor andel av uttak som går til deponi, avhenger av hvilke råvarer som utvinnes.
Det er i alles interesse at en større andel av massene som tas ut ikke deponeres, men blir en del av sirkulærøkonomien og finner vei til andre verdikjeder. Det betinger at annen industri tar i bruk disse massene og da også reduserer behovet for uttak av andre jomfruelige masser.
Et eksempel på et prosjekt som ser ut til å lykkes med å bruke overskuddsmasser er Cemonite i Sandnes. Selskapet har planer om å bruke overskuddsmasser fra Titanias ilmenittbrudd i Sokndal til bindingsmiddel i betong, som igjen vil gi lavere klimagassutslipp sammenlignet med tradisjonell betongproduksjon. Her er pilotfabrikk etablert, og testproduksjon er startet.
Deponi er en kostnad både for gruveselskapene og for naturen, og det er i alles interesse å redusere behovet for bruk av deponi. Gruveselskapene er pålagt overvåking av sine deponier og har relativt store kostnader knyttet til dette.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Eg er oppteken av at vi vurderer alle moglegheiter for betre bruk av restmassar. Det gir mindre behov for deponi, som er arealkrevjande og kan fortrenge natur. Det er og av ressursforvaltningsomsyn sentralt å bruke ressursane frå norske fjell på ein mest mogleg lønsam og ressurseffektiv måte. Dette er viktige prinsipp i mineralforvaltninga og i det pågåande arbeidet med ny minerallov.
Samtidig er det grunn til å vere realistisk i forventningane til kor store reduksjonar i avfallsmengda det er mogleg å få til. Eg synest stortingsrepresentanten trekkjer fram eit godt døme i Cemonite. Deira teknologi for bruk av overskotsmassar til produksjon av klimavennlege sementprodukt av høg kvalitet synast å ha eit potensial til betydeleg reduksjon av klimautslepp, og å få ned avfallsmengden frå mineralnæringa dersom produksjonen blir lønsam. Samtidig er den totale mengda avgangsmassar frå mineralnæringa betydeleg høgare enn etterspurnaden etter sement. Det er derfor og grenser for kor stor del av avgangsmassane som kan brukast til sementproduksjon.
I alle nye store mineralprosjekt er det stor merksemd om ressurseffektivitet og avfallsminimering. Kommersiell utnytting av massar er alltid å føretrekke om det kan gjerast lønsamt. Det er og allment akseptert i og utanfor mineralnæringa at både nye og gamle prosjekt må oppfylle samfunnets forventningar til berekraft. Bedriftene har derfor insentiv til å finne nye bruksområde for alle typar restmassar, og dette er utgreidd for ei rekkje nye prosjekt. Likevel er det per no ikkje mange konkrete prosjekt og løysingar som gir vesentleg reduksjon i volumet av restmassar.
Det er derfor viktig at vi held fram med å arbeide med korleis vi kan utnytte restmassane til nyttige føremål. Det inneber at vi må adressere behov for forsking og utvikling av kunnskap, å forbetre rammeverket vi gir gjennom regelverk og forvaltning, og vi må ha klare forventningar om at mineralnæringa skal bruke dei moglegheitene som finst og arbeide for å utvikle nye produkt og marknader.
God ressursforvaltning, berekraft og betre utnytting av restmassar var eit sentralt tema i regjeringa si mineralstrategi frå 2023, og vi er i gang med å følgje opp tiltaka. Eit av tiltaka er å setje ned eit ekspertutval som skal vurdere fordelar og ulemper ved ulike former for deponering. Mineralnæringa har svært viktig kompetanse og er naturlege deltakarar i utvalet.
Utvalet er ikkje oppnemnt enno, men eg tek sikte på at det kan oppnemnast og starte sitt arbeid våren 2025.