Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden forklare korleis Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kan avslå søknaden om skadefelling av oter i Vartdalselva, når det er påvist stor skade av oteren mot ei truga og raudlista villaksestamme, medan oteren har stor utbredelse og bestanden er sterkt voksande i dei fleste vassdraga på Sunnmøre, mens det for villaksen er det stikk motsatte ved at den er sterkt truga noko som har ført til at departementet har stengt mange elvar for fiske dette året, medan oteren får herje fritt?
Begrunnelse
Eg viser til søknad frå Vartdal elveeigarlag av 5. mai 2023 til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om felling av fem otrar ved laksetrappa i Vartdalselva.
Saka er også sterkt kritikkverdig behandla av Statsforvaltaren som fyrst behandla søknaden 8. oktober 2024.
Nord-Atlantisk laks er oppført som nært truet i den Norsk rødliste for 2021. Plasseringa av Nord Atlantisk laks i denne kategorien er gjort på bakgrunn av at det har vært ein nedgang på mellom 21 – 25 % i innsiget av voksen laks i frå havet i løpet av tre generasjonar av laks, dette har forverra seg år for år, der mange vassdrag dette året vart stengt for fiske.
Oteren finst i Noreg hovudsakleg langs kysten frå Finnmark til Hordaland. Bestandssituasjonen er god langs kysten nord for Møre og Romsdal, og i vårt fylke vurderer Statsforvaltaren bestanden i dei ytre fjord- og kystområda av Møre og Romsdal også til å vere god.
Elveigarlaget meiner at no-situasjonen i Vartdalselva viser at skaden er av vesentleg økonomisk betydning for dei, sidan dei ikkje kan selje fiskekort fordi oter tek mykje av fisken.
Laksefangstane i Vartdalselva har tidlegare vore betydeleg, til dømes 2,7 tonn laks i år 2000 som var eit toppår i nyare tid. Verdien av laksefisket og laksens eigenverdi er vanskeleg å kvantifisere,
I dette og andre vassdrag på Sunnmøre er det udiskutabelt påvist at Oteren tar svært mykje laks og påverkar ei truga laksestamme betydeleg. I til dømes Strandaelva har eg sjølv registrert dette, der 8-9 laks vart tatt i ein foss samtidig av Oteren, og låg strødd på land halvspist. Dette var gytefisk, langt oppe i vassdraget.
Det er gjennom fleire faglege utgreiingar gjort rede for kva verknad oterbestanden har for laksebestanden i Søre Vartdalselva, sjå blant annet Kartlegging av oterens effekt på bestander av laks og sjøørret - Sunnmøre (nina.no) .
Statsforvaltaren legger til grunn at oterbestanden påverkar fiskebestanden i Vartdalselva i vesentleg grad og derfor er ein av fleire orsakar til at laksebestanden i elva ikkje oppnår gytebestandsmålet og eit haustbart overskot. Oteren er ikkje raudlista og utryddingstruga, det er derimot villaksen.
I dei fleste elvane på Sunnmøre er oteren eit svært stort problem for villaksen, likevel avslår Statsforvaltaren søknaden om skadefelling av oter.