Skriftlig spørsmål fra Kari Elisabeth Kaski (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:221 (2024-2025)
Innlevert: 25.10.2024
Sendt: 25.10.2024
Besvart: 31.10.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kari Elisabeth Kaski (SV)

Spørsmål

Kari Elisabeth Kaski (SV): Hva er anslag på proveny av å øke den ordinære satsen i barnetrygden med 202 kroner mer i måneden?

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Regjeringa føreslår i Prop. 1 S for 2025 at ordinær barnetrygd til barn 0-18 år skal vere 1 766 kroner i månaden. Det vil seie ein sats på 21 192 kroner i året. Ei auke i satsen for ordinær barnetrygd på 202 kroner i månaden gir ei ny sats på 1 968 kroner i månaden og 23 616 kroner i året.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har vurdert at det er mogeleg å gjere endringar i satsen for barnetrygd frå 1. januar 2025, dersom direktoratet får beskjed i løpet av desember. Direktoratet informerer om at innføring frå denne datoen aukar risikoen for feil og manglar ved implementeringa av den varsla lovendringa på kontantstøtte. Eg meiner derfor at forslaget tidlegast bør gjennomførast frå 1. februar 2025.
Dersom auka blir innført frå 1. februar er det anslått å gi meirutgifter på 2 447 mill. kroner i 2025 og 2 670 mill. kroner i året frå 2026. Forslaget vil ikkje innebere administrative kostnader.