Skriftlig spørsmål fra Himanshu Gulati (FrP) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:216 (2024-2025)
Innlevert: 25.10.2024
Sendt: 25.10.2024
Besvart: 01.11.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Himanshu Gulati (FrP)

Spørsmål

Himanshu Gulati (FrP): KD skal ha beregnet at det vil koste staten rundt 500 millioner kroner å fjerne inntektsgrensen.
Kan statsråden forklare hvilke beregninger som ligger til grunn for dette, og om økte skatteinntekter er hensyntatt i beregningsgrunnlaget?

Begrunnelse

For 2024 er Lånekassens inntektsgrense 214 213 kroner hvis man får studielån hele året. I praksis betyr dette at dagens grense i mange tilfeller straffer studenter som ønsker arbeidserfaring. Spørsmålsstiller viser til at KD beregner at det vil koste staten rundt 500 mill. å fjerne inntektsgrensen.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Behovsprøvinga i Lånekassen fungerer slik at utdanningsstipendet blir redusert tilsvarande 5 pst. per månad av den inntekta ein har over dei fastsette grensene. Det er to ulike inntektsgrenser. Grensa for dei som studerer heile året er 214 213 kroner, medan grensa for dei som studerer i mindre enn sju månader er 535 532 kroner. For ein student som får studiestøtte i 11 månader vil 1 000 kroner i inntekt utover inntektsgrensa innebere at omgjering til utdanningsstipend blir redusert med 550 kroner (1 000 * 0,05 * 11). Fordi behovsprøvinga påverkar kor mykje av lånet som kan gjerast til stipend etter utdanninga, har den ikkje innverking på likviditeten til studentane under utdanninga. Med gjeldande sats for basislånet og behovsprøvingsgrensa, kan ein heiltidsstudent ha ei samla inntekt på om lag 366 000 kroner frå Lånekassen og andre stader før dei byrjar å få avkorta omgjering til stipend.
Å fjerne behovsprøvinga av stipendomgjering i basislånet mot inntekt har ein anslått kostnad på 1,548 mrd. kroner i året. Berekninga er basert på erfaringstal frå tidlegare år over kor mange som får redusert eller ingen stipend på grunn av inntekt over dei fastsette grensene, og tar ikkje høgde for moglege endringar i studentanes åtferd som kan gje andre ringverknader. Talet svarar til den faktiske kostnaden ved at studentar som i dag overstig inntektsgrensa får behalde stipenddelen av utdanningslånet.
Dersom behovsprøvinga blir fjerna, kan det føre til at studentane aukar omfanget av lønna arbeid, fordi gevinsten dei oppnår ved å arbeide meir aukar. Det vil i så fall gje auka skatteinntekter. Ein slik årsakssamanheng føreset at studentane har eit aktivt forhold til inntektsgrensene, og at dei dimensjonerer arbeidsmengda for å ikkje overstige grensene. I behovsprøvinga ligg det eit kraftig økonomisk insentiv, så det er naturleg å vente at studentane tilpassar seg. Me har likevel ikkje tydelege indikasjonar på at slik tilpassing skjer i nemneverdig grad. Empiriske analysar av inntektsfordelinga blant studentane visar at det ikkje er ein opphoping av talet studentar med inntekt rett under eller på inntektsgrensene. Det tyder på at det er andre forhold enn behovsprøvinga i Lånekassa som har større innverknad på omfanget av studentanes lønnsarbeid. Alt anna likt vil ein oppheving av behovsprøvinga sannsynlegvis føre til at eit visst segment av studentane aukar mengda lønna arbeid noko, men effektane er for usikre og for avhengig av andre faktorar til at Kunnskapsdepartementet kan anslå dei med noko sikkerheit.
Utforming av statlege støtteordningar krev avvegingar. Normalt er det ikkje ønskeleg at vilkåra skal gjere det mindre gunstig å arbeide. Samstundes er ordningane i Lånekassa retta mot studentar som skal bruke mykje av tida på å studere. Dermed er det ikkje gunstig for samfunnet om dei bruker så mykje tid på arbeid ved sidan av at det går på kostnad av studiane. Dagens inntektsgrenser legg opp til ein god balanse mellom lønna arbeid og tidsbruk på studiane. I utarbeidinga av utdanningsstøtta er det vidare lagt til grunn at personar med god økonomi i mindre grad har behov for støtte frå det offentlege samanlikna med personar med svak økonomi. Det inneber at stipendandelen av utdanningslånet er avgrensa til studentar med låg eller moderat inntekt, som ikkje bur heime, og som ikkje får trygdestønadar av vesentleg storleik. Slik bidreg behovsprøvinga til å målrette støtta til dei med størst behov.