Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over berekna kostnadsauke for det offentlege med bakgrunn i regjeringa sine krav om nullutslipp for alle offentlege innkjøp av bilar, varebilar, og buss, dokumentert ved anbod for Euro 6 kontra etter kravet om nullutslipp i dei ulike køyretøygruppene?
Begrunnelse
Regjeringa har innført krav om nullutslipp i alle offentlege anbod for anskaffelsar av bilar, varebilar, buss, også no for taxinæringa gjeldande frå 1 januar 2025.
I alle desse krava om nullutslipp medfører dette betydeleg auke i kostnadar for både det offentlege og for taxinæringa, der innkjøp og drift av desse nullutslippskøyretøya medfører betydeleg auka kostnad.
Det er også betydeleg begrensningar i bruken av desse køyretøya vinterstid, noko som også fører til betydelege store beredskapsmessig utfordringar samt problem med ladetid.