Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:186 (2024-2025)
Innlevert: 23.10.2024
Sendt: 23.10.2024
Besvart: 30.10.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Vil statsråden endre bostøtten slik at man sikrer at mottakerne benytter seg av de inntektsmulighetene de har?

Begrunnelse

5. september skrev NRK om en mann som levde i dyp fattigdom på slutten av livet. Mannen mottok gradert alderspensjon, og hans etterlatte mener at han ikke kan ha vært klar over at han kun mottok halv pensjon. Han mottok i tillegg bostøtte. Dersom det ble stilt krav om at eldre mottakere av bostøtte skulle ta ut full pensjon, ville det blitt oppdaget at mannen hadde mulighet til å øke sin inntekt. Dersom det ikke undersøkes om mottakere av bostøtte benytter seg av de inntektsmulighetene de har, kan det også oppstå situasjonen der bostøtte utbetales til personer som egentlig ikke har behov for støtten.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Formålet med bustøtta er å sikre ein høveleg bustad for personar som har låge inntekter og høge buutgifter. Støtta er behovsprøvd ut frå buutgiftene og dei skattbare inntektene til husstanden.
Bustøtta er ikkje meint å være naudhjelp eller det siste sikringsnettet som tek omsyn til alle inntekter og andre ressursar søkjaren har. Det er sosialhjelpa si oppgåve. Bustøtta er ein subsidie til buutgiftene for dei som bur i ein bustad som fyller visse krav, og som har låg inntekt og høge buutgifter. Regelverket definerer kven som har rett til bustøtte ut frå godkjende buutgifter og skattepliktige inntekter. Krav i bustøttereglane om at ein må ta ut all pensjon ein har rett til, ville motarbeide den valfridomen som pensjonsreglane er meint å gi. Det ville gi pensjonistar svakare rett til bustøtte enn andre grupper. Det kan vere mange årsaker til at nokon har låg inntekt i ein periode. Om det skulle stillast krav av denne typen i bustøttereglane, måtte også Husbanken ha dei naudsynte tilgangane og ressursane til å kontrollere desse krava. Det ville føre med seg heilt andre informasjonsbehov og eit heilt anna apparat for sakshandsaming enn i dag.
Historia om mannen som levde i fleire år på halv alderspensjon gjer inntrykk, og eg har full forståing for at representanten Kristjánsson ynskjer å finne tiltak som kan bidra til at slike situasjonar blir avverja. Mi vurdering er at nye restriksjonar på kven som kan få bustøtte, ikkje er vegen å gå. Eg visar i staden til svaret frå arbeids- og inkluderingsministeren 23. september i år på skriftleg spørsmål om denne saka (Dokument nr. 15:2789 (2023-2024)). Ho peikar på at Arbeids- og velferdsdirektoratet må kunne gi best mogleg informasjon til alle, og at dei aktivt jobbar med å at informasjonen blir betre og lettare å forstå.