Skriftlig spørsmål fra Tore Grobæk Vamraak (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:82 (2024-2025)
Innlevert: 09.10.2024
Sendt: 10.10.2024
Besvart: 17.10.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tore Grobæk Vamraak (H)

Spørsmål

Tore Grobæk Vamraak (H): Et enstemmig Storting ba 31.05.2022 regjeringen utvide Gjeldsregisteret slik at det inneholder alle typer gjeld, både med og uten sikkerhet. Regjeringen sendte kort tid etterpå et forslag på høring, med høringsfrist 14. oktober 2022. To år senere melder regjeringen i Barne- og familiedepartementets budsjettproposisjon at den ikke vil gjennomføre den enkle forskriftsendringen som kunne fulgt opp det enstemmige stortingsvedtaket. Mener statsråden at Stortingets vedtak er tilfredsstillende fulgt opp?

Begrunnelse

Barne- og familiedepartementet hevder i sin vurdering at:

"Vurderinga til BFD etter dette var at personvernomsyn gjer at ordninga ikkje kan utvidast til å omfatte pantesikra gjeld utan at føremålet til gjeldsinformasjonslova blir endra."

Gjeldsinformasjonslovens formål er enkelt og tydelig formulert i § 1:

"Lovens formål er å legge til rette for sikker, ordnet og effektiv registrering og utlevering av gjeldsopplysninger for å bidra til bedre kredittvurderinger og forebygge gjeldsproblemer blant enkeltpersoner."

En utvidelse av gjeldsregisteret i tråd med Stortingets enstemmige anmodningsvedtak ville bidratt til en enda mer sikker, ordnet og effektiv registrering og utlevering av gjeldsopplysninger, og det ville bidratt til både bedre kredittvurderinger og til å forebygge gjeldsproblemer blant enkeltpersoner.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Gjeldsinformasjonslova tok til å gjelde 1. november 2017 og ordninga kom i gang 1. juli 2019. Lova har til føremål å gi bankar og andre finansinstitusjonar eit betre grunnlag for kredittvurderingar ved at dei blir gitt tilgang til opplysningar om forbrukskreditten til kundane.
Eg er ikkje i tvil om at avgjerdsgrunnlaget for kredittvurderingar i bankar mv. har vorte vesentleg forbetra som følgje av gjeldsinformasjonslova. Når det gjeld den vidare bakgrunnen for lova og dei vurderingar som er gjort i ettertid, viser eg til mitt svar 6. mai 2024 på spørsmål til skriftleg svar nr 1906 og til svar 3. oktober 2023 på spørsmål 3521 som begge gjaldt same sak. Eg vil særleg peike på at eg i mine tidlegare svar har understreka at sjølv om Stortinget ved fleire anledningar har bede om ei utviding av ordninga, har det blitt gjort med eit tydeleg atterhald om at utvidinga må vere forsvarleg personvernmessig.
Det er framleis vurderingar av personvernomsyn som gjer saka vanskeleg og som er grunnen til at det har tatt tid å kome fram til ei avgjerd. Dersom gjeldsregistra skal utvidast med pantegjeld, vil det innebere ei sterk auke av personvernrisikoen. Eg viser også her til mine vurderingar i tidlegare svar til Stortinget, kor eg mellom anna peiker på at det ikkje er haldepunkt for at gjeldsproblema i hushalda heng saman med manglande kjennskap til pantesikra gjeld. Ei vanskeleg vurdering er difor om nytta av ei utviding er stor nok til å vega opp for kostnadene den vil føra med seg og ulempene for personvernet.
I høyringa av forslaget, kom det inn tungtvegande innvendingar mot det personvernmessige, og at ei slik utviding ikkje var i tråd med formålet med lova. Departementet mitt arbeider vidare med desse vurderingane, og eg vil om ikkje lenge kome attende med informasjon om vegen vidare i denne saka.