Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:35 (2024-2025)
Innlevert: 04.10.2024
Sendt: 04.10.2024
Besvart: 11.10.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kvifor har regjeringa foreslått å endre omrekninga av franske vitnemål gjennom Samordna opptak på ein slik måte at det kraftig svekkar verdien av oppnådde karakterar i Frankrike, og meiner regjeringa at dette vil styrke eller svekke utdanningssamarbeidet mellom Noreg og Frankrike?

Begrunnelse

Regjeringa har nylig gjennomført ei høyring av forslag til endringar i opptaksforskrifta, utarbeida av HK-dir og Samordna opptak. Endringane medfører mellom anna ei stor endring i omrekningsmodellen for franske karakterar til norske karakterar når ein søker opptak til høgare utdanning.
Fram til no har det m.a. vore slik at ein oppnådd karakter i Frankrike mellom 15,5 og 20 vert rekna om til den norske karakteren 6. Dette tilsvarar praksis frå samanliknbare land. I Storbritannia vert typisk karakterar frå 15 og oppover rekna om til toppkarakteren AAA, i USA vert karakterar frå 16 og oppover rekna om til toppkarakteren A+, og i Tyskland vert karakterar mellom 15,9 og 20 rekna om til toppkarakteren 1.
I høyringa av ny opptaksforskrift vert praksis føreslått endra, slik at ein må heilt opp i den maksimale franske karakteren 20 for å bli rekna om til norsk 6-ar. Dette framstår svært urimeleg og lite samanliknbart. Det er til illustrasjon om lag dobbelt så stor andel norske elevar som oppnår karakteren 6, som det er franske elevar som oppnår karakteren 20.
Noreg har gjennom ein bilateral avtale med Frankrike hatt eit viktig utdanningssamarbeid i over 100 år, der 22 norske elevar kvart år får moglegheita til å gjennomføre Lycée (vidaregåande utdanning) i Frankrike. Høyringsrunden viser at det er sterk uro hjå mange for at devalueringa av franske karakterar som no er føreslått vil skade dette samarbeidet, og i verste fall kan føre til nedlegging av dei tradisjonsrike norske seksjonane i Frankrike.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Opptak til høgare utdanning regulerast av forskrift om opptak til høgare utdanning (opptaksforskrifta). Forskrifta har to vedlegg, der vedlegg to er Liste over tabellar for omrekning av karakterar frå utanlandsk vidaregåande opplæring. For at søkarar med vitnemål/diplom frå andre skolesystem/land enn norsk vidaregåande skule skal kunne konkurrere i opptak til høgare utdanning med sine karakterar, må karakterane dei har fått reknast om til norsk karakterskala (med beståtte karakterar frå 2 til 6). Ansvaret for å utarbeide og fastsetje slike omrekningar er lagt til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som forvaltar det samordna opptaket til høgare utdanning. Opptaksforskrifta § 7-6 fyrste ledd gir heimel for å nytte slike tabellar i sakshandsaminga ved opptak. Kunnskapsdepartementet kan gje fullmakt til eit anna organ å fastsetje og halde ved like slike omrekningstabellar, jf. § 7-6 andre ledd. Fram til 2017 var fransk baccalauréat og International Baccalaureate (IB) ikkje ein del av denne bestemminga, men dette blei endra i ei endringsforskrift i januar 2017, slik at HK-dir no også har ansvar for desse.
Opptaksforskrifta med foreslåtte endringar er på ei årleg høyring mellom juni og september. I år inneheldt høyringa forslag om endringar i fleire omrekningstabellar deriblant ein ny tabell for fransk baccalauréat som trer i kraft frå og med studieåret 2028 – 2029. HK-dir har laga den nye tabellen basert på datamateriale med karaktergjennomsnitt frå vitnemål som gir generell studiekompetanse frå Utdanningsdirektoratet og offisiell statistikk frå det franske utdanningsdepartementet.
HK-dir har opplyst at dei nyttar den same statistiske/matematiske metoden for å utarbeida denne tabellen som dei gjer med alle omrekningstabellar der dei får karakterdata frå eit anna land eller system. Metoden går ut på å samanlikne karakterfordelinga i det utanlandske skulesystemet med karakterfordelinga i det norske skulesystemet. Samanlikninga er ein rein statistisk samanlikning av populasjonane. Den statistiske metoden er vurdert av Norsk Regnesentral.
Representanten viser til kva for slags omrekningar dei gjer frå fransk vitnemål for toppkarakterar i Storbritannia, USA og Tyskland. Noreg har eit opptakssystem som er relativt likt det dei har i Sverige og Danmark. Alle skandinaviske land har ei viss samordning av opptaket i sine land og Sverige og Danmark har også felles regelverk for alle sine UH-institusjonar. Forslaget til omrekningstabell som HK-dir har utarbeidd svarar i stor grad til omrekningstabellar som nyttast i desse landa for fransk vidaregåande opplæring. HK-dir har opplyst departementet om at både Sverige og Danmark også utarbeider sine tabellar med statistikk frå det franske utdanningsdepartementet.
Regjeringa legg stor vekt på internasjonalt kunnskapssamarbeid. Utdanningssamarbeidet med Frankrike har lange og stolte tradisjonar heilt tilbake til 1918 og eg reknar framleis Frankrike som eit viktig og prioritert land for vårt internasjonale kunnskapssamarbeid.