Skriftlig spørsmål fra Sveinung Stensland (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:19 (2024-2025)
Innlevert: 03.10.2024
Sendt: 03.10.2024
Besvart: 11.10.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Sveinung Stensland (H)

Spørsmål

Sveinung Stensland (H): Fra faglig hold stilles det spørsmål ved hvorvidt det var naturlig å bygge opp nytt studiested innen medisin på Vestlandet før Stavanger var ferdig bygget opp innen prosjektet Vestlandslegen, og om det er naturlig at man starter opp i Helse Førde før man startet i Helse Fonna.
Hvilken dialog var det mellom departementet og Helse-Vest i forkant av tildeling av nye studieplasser innen medisin til Helse Førde?

Begrunnelse

Det kan være av interesse å bringe på det rene hvilken dialog man hadde mellom departementet og den faglige ledelsen i Helse-Vest, Slik saken leses av de som har innsikt i prosjektet Vestlandslegen og prosessene rundt oppbyggingen av medisinutdanning på Vestlandet, bærer dette ikke preg av enn faglig fundert utbygging av et viktig studieområde i tråd med anbefalingene i Grimstad-utvalget. Jeg er positiv til en videreutvikling av medisinutdanning på Vestlandet, men det må skje på en forutsigbar og solid faglig måte.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Regjeringa er oppteken av å utdanne fleire legar i Noreg. Vi har utvida kapasiteten gjennom å satse på desentraliserte studiemodellar i medisinutdanningane. Det er særleg i distriktskommunane at det er vanskeleg å rekruttere nok legar, og dette ligg til grunn når vi gjer denne fordelinga av nye studieplassar i 2025. Gjennom studiemodellen «Vestlandslegen» har Universitet i Bergen eit mål om å ta i bruk fleire delar av Vestlandet for å utdanne legar, og derfor synest eg det er gledeleg at det no vil bli utdanna legar i Førde. Vi har hatt dialog med Universitetet i Bergen, som vi har med alle institusjonane som tilbyr medisinutdanning, om i kor stor grad dei har hatt høve og kapasitet til å ta imot fleire studieplassar. Ein flaskehals har vore tilgang på nok praksisplassar, og desentralisert medisinutdanning gjer at det kan takast i bruk praksisplassar fleire stader. Regjeringa meiner at oppbygginga derfor skjer på ein føreseieleg måte.
Representanten spør korleis dialogen har vore mellom departementet og Helse Vest i forkant av tildelinga av studieplassar. Departementet har hatt dialog med Universitet i Bergen, som skal tilby utdanninga. Helse Vest har spelt inn behov for utdanningskapasitet i helsefaglege utdanningar. Dette har regjeringa brukt som grunnlag for vurderingar knytt til tildeling av studieplassar.
På bakgrunn av dette vil regjeringa tildele studieplassar ved Universitetet i Bergen, som skal bruke dei i si desentraliserte utdanning i Førde, i tett samarbeid med Helse Førde.