Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:882 (2021-2022)

Innlevert: 12.01.2022
Sendt: 12.01.2022
Besvart: 19.01.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden gjere greie for og dokumentere kva meterpris som er nytta i ferjefri E-39 prosjektet Møreaksen på både undersjøisk tunell, andre tuneller og bruer, og samtidig gjere greie for kva meterpris som er brukt i rapporten frå Statens vegvesen/Norconsult i tilleggsutgreiinga for fjordkryssingsalternativet Romsdalsaksen, også gjeldende erfaringstall for flytebruer?

Begrunnelse

I ein rapport frå Statens vegvesen/Norconsult ang tilleggsutgreiing av Romsdalsaksen i Møre og Romsdal kontra Møreaksen, ser det ut til at det blir operert med ulik meterpris for bygging av tuneller og bruer i dei to alternativa Møreaksen og Romsdalsasken for kryssing av Romsdalsfjorden.
Kostnadene som presenteres er fortsatt veldig favorisert Møreaksen, der f.eks. meterpris for tunneler er 69-84 % høyere for Romsdalsaksen. Samme med bruer der flytebruene er priset opptil 18 % høyere enn verdens neste lengste hengebru. Ser ut til at manipuleringen avslørt av Tidens Krav
fortsatt henger med i Statens Vegvesen. Med meterpriser som er brukt for Romsdalsaksen i denne «utredningen», ville K2 Møreaksen koste opp til 43 mrd. kroner. SVV mener den vil koste 30 mrd. kroner i denne rapporten.
Horgen Consulting - erfaren oppdragsansvarlig for KS2 for flere store samferdselsprosjekter, påpekte i 2019 at kostnadene som SVV Midt presenterer for Tautratunnelene var veldig lave. Dette innrømmes langt på veg i rapporten fra Norconsult, og er en av grunnene til at anslagene nå er hele 7 mrd. kroner høyere enn det SVV påstår Møreaksen vil koste.
“Tilleggsutredningen“ til SVV/Norconsult legger igjen like mange spørsmål som svar, og viser at etaten ikke evner å se de store sammenhengene. Uhildede utredninger er nødvendig for å skape fred i M&R. Bruk av ulike meterpriser i prosjekt som skal samanliknast seriøst, bidrar ikkje til noko som helst ro i Møre og Romsdal ang Møreaksen som eit stort fleirtal av folket heller ikkje ynskjer.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: E39 Ålesund-Molde er greidd ut i fleire omgangar. Det er i dei ulike utgreiingane nytta ulike einingsprisar for dei ulike elementa, slik som tunnel, bru og veg i dagen. Prisane har variert noko mellom dei ulike utgreiingane. Dette kjem mellom anna av skilnader i standard på vegen, usikkerheit ut frå plannivå og generell prisutvikling.
Einingsprisane som Statens vegvesen har lagd til grunn i utgreiingane er basert på erfaringar frå fleire prosjekt over heile landet. Prisane er nytta i kostnadsrekning av mange prosjekt som vil komme til utbygging. Ei offentleggjering av desse prisane vil derfor kunne påverke det offentlege sin forhandlingsposisjon i fleire vegprosjekt.
Statens vegvesen har derfor bestemt at einingsprisane ikkje skal offentleggjerast, jamfør offentleglova § 23 første ledd.