Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:835 (2006-2007)
Innlevert: 27.03.2007
Sendt: 28.03.2007
Besvart: 30.03.2007 av miljøvernminister Helen Bjørnøy

Oddvar Hallset Reiakvam (FrP): Kan statsråden stadfeste at eit vern av Førdefjorden i tråd med regjeringas framlegg i St.prp. nr. 32 (2006-2007) ikkje vil legge hinder i vegen for uttak av rutilførekomsten i Engebøfjellet, bygging av hamneanlegg i tilknyting til verksemda og tilgang på fjorddeponi?
Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane vil etter regjeringas framlegg i St.prp. nr. 32 (2006-2007) ligge i tilknyting til ein nasjonal laksefjord. Engebøfjellet inneheld ein av verdas beste, kjende rutil-/eklogittførekomstar. I samband med utvinning av rutil/eklogitt vil det kunne verte naudsynt å bygge ut hamneanlegg og å deponere massar i fjorden.

Helen Bjørnøy: Eit tenkeleg problem for villaksen knytt til uttak av mineralførekomsten i Engebøfjellet er utslepp av steinstøv med meir i overflata. Det må under alle høve setjast strenge krav til slike utslepp, og eg kan difor stadfeste at Førdefjorden som nasjonal laksefjord ikkje vil legge hinder i vegen for uttak av rutilførekomsten i Engebøfjellet, bygging av naudsynt hamneanlegg og tilgang på fjorddeponi.