Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Geir Jørgensen (R) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3824 (2025-2026)

Innlevert: 17.09.2026
Sendt: 18.09.2026
Besvart: 25.09.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Geir Jørgensen (R)

Spørsmål

Geir Jørgensen (R): Korleis forheld departementet seg til ein økosystembasert tilnærming, og ein fleirbestandsforvaltning i krillfisket i Antarktis, der den store variasjonen i rekrutteringa til krillbestanden frå år til år og behova til kval, sel og pingvin blir rekna inn i fangstgrensene, og har regjeringa planar om å leggje fram ei sak for Stortinget om dette?

Begrunnelse

I svaret på Dokument nr. 15:3644 (2025-2026) grunngav statsråden krillfisket med storleiken på bestanden. Ho viste til mellom 350 og 500 millionar tonn krill rundt Antarktis, og under fem millionar tonn i området der fisket går føre seg.

Eit årleg biomassetal er eit augneblinksbilete, og krillrekrutteringa svingar kraftig frå år til år. Forsking viser at biomassen i dårlege krillår kan liggje under ti prosent av snittet over tid, og at det ofte berre kjem ein eller to sterke årsklassar per tiår.

Fangstgrensene i CCAMLR byggjer på ein fast uttaksrate, rekna ut frå tokt i 2000 og 2019. Grensene blir ikkje justerte ned når bestanden er låg.

Kval, sel og pingvin lever lenge og får få ungar. Dei treng krill i det området og det året dei skal føre fram avkom. Ein studie frå Antarktishalvøya fann at 86 prosent av knølkvalhoene var drektige etter eit godt krillår, mot 29 prosent etter eit dårleg. Krill er ein nøkkelart i økosystemet, og ein essensiell kopling i næringsnettet.

Fisket er samstundes sterkt konsentrert, og alle dyrebestander som er avhengige av krillen oppsøker dei same store konsentrasjonene der det er rasjonelt å beite. I 2025 vart 359 266 tonn teke i delområde 48.1. Det er meir enn dobbelt så mykje som grensa på 155 000 tonn, som gjaldt fram til 2024.

Noreg har lovfesta ei økosystembasert tilnærming i havressurslova § 7. I stortingsmeldinga om norsk politikk i Antarktis frå 2015 kalla regjeringa krill ein nøkkelart. Leiinga ved Havforskingsinstituttet skreiv i februar 2026 at Noreg i større grad må ta i bruk fleirbestandsforvaltning, der artane blir sett i samanheng.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Noreg arbeider aktivt saman med andre medlemsstatar i Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (CCAMLR) for å innføre ein adaptiv forvaltningsmodell for forvaltninga av kril. Føremålet er mellom anna å styrkje grunnlaget for å sikre at det til kvar tid finst tilstrekkelege mengder kril, som er en nøkkelart for artar som er avhengige av han, mellom anna pingvin, sel, kval og sjøfugl.
Noreg legg òg stor vekt på ei økosystembasert tilnærming til forvaltninga av marine ressursar, både i norske havområde og i internasjonale område der Noreg deltek i forvaltningssamarbeid, mellom anna gjennom CCAMLR. Dette inneber i praksis at ein tek omsyn til samspela i økosystemet når forvaltningstiltak og fangstgrenser blir fastsette, inkludert element av fleirbestandsforvaltning.
Havområda der hovuddelen av krilfisket går føre seg (delområde 48.1-48.4), er mellom dei best undersøkte områda i Sørishavet. Biomassen av kril i desse områda er estimert til om lag 60 millionar tonn, basert på omfattande internasjonale akustiske undersøkingar gjennomførte i 2000 og 2019.
Noreg har i tillegg sidan 2011 gjennomført årlege undersøkingar av kril rundt Sør-Orknøyane, eit havområde på om lag 62 000 km². Undersøkingane viser at krilmengda varierer betydeleg frå år til år, frå 1,4 til 7,8 millionar tonn, med eit gjennomsnitt på 3,5 millionar tonn. Slik variasjon er vanleg for kril og illustrerer kvifor lange tidsseriar er viktige. Fleire andre nasjonar gjennomfører tilsvarande undersøkingar i andre delområde, og resultata blir presenterte og vurderte årleg i CCAMLR. Gjennom dette arbeidet har Noreg vore ein sentral bidragsytar til utviklinga av kunnskapsgrunnlaget for vidareutvikling av krilforvaltninga.
Noreg meiner at omsynet til økosystema må ivaretakast gjennom både fiskeriforvaltning og marine verneområde. Dette omfattar både område der fiske ikkje er tillate, og sesongvise vernetiltak i sårbare predatorområde.
Omsynet til artane er ein grunnleggjande del av forvaltninga av krilfisket i CCAMLR. Utfordringa i dag er ikkje primært storleiken på den samla fangstgrensa på 620 000 tonn (til samanlikning er den vitskapleg berekna fangstgrensa i det same området 5,6 millionar tonn), men mangelen på effektive verkemiddel for å styre kvar og når fangsten skjer. Dette er særleg viktig for å redusere risikoen for lokale negative verknader på predatorar som er avhengige av kril.
CCAMLR har over fleire tiår utvikla omfattande vitskapleg kunnskap, overvakingsmetodar og analyseverktøy for kriløkosystemet. I 2019 vedtok organisasjonen å vidareutvikle ei ny forvaltningstilnærming for krilfiskeriet (KFMA), med sikte på å gå frå dagens statiske fangstnivå til eit dynamisk og vitskapleg basert forvaltningssystem.
Eit sentralt element i dette arbeidet er å nytte oppdaterte biomasseestimat, kunnskap om rekruttering og naturleg dødelegheit, samt analysar av korleis kril, predatorar og fiskeri overlappar i tid og rom. Målet er å redusere risikoen for lokale økosystemeffektar gjennom ei betre geografisk og sesongmessig fordeling av fisket.
Ei slik tilnærming føreset likevel ein vesentleg større innsats innan overvaking, datainnsamling, analyse og omsetjing av vitskaplege resultat til konkrete forvaltningstiltak. Dette krev betydelege ressursar, og det er forventa at fiskerinasjonane bidreg aktivt til utviklinga av kunnskapsgrunnlaget.
Det er samstundes viktig å understreke at eit meir dynamisk forvaltningssystem ikkje nødvendigvis vil føre til høgare fangstgrenser. Dersom den vitskaplege kunnskapen tilseier det, kan kvotane òg bli reduserte.
Regjeringa orienterer Stortinget om arbeidet i CCAMLR gjennom dei årlege stortingsmeldingane om Noregs fiskeriavtalar. Ut over dette er det ikkje planlagt å leggje fram ei eiga sak om forhandlingane i CCAMLR.