Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:3790 (2025-2026)

Innlevert: 16.09.2026
Sendt: 16.09.2026
Til behandling

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): NRK omtalar i dag eit svært alvorleg varsel i Finnmarksykehuset i 2024 der ein pasient døydde, og at dødsfallet blir sett i samanheng med økonomiske innsparingstiltak.
Meiner statsråden at den økonomiske situasjonen og innsparingstiltaka i Finnmarksykehuset er forsvarlege, har statsråden tillit til leiinga av Finnmarksykehuset HF, og vil statsråden sørge for ein full gjennomgang av omstillingsprosessen og den økonomiske situasjonen i Finnmarkssykehuset og informere Stortinget?

Begrunnelse

NRK omtalar i dag eit alvorleg varsel frå Kirkenes sykehuset til Helsetilsynet i 2024 der ein pasient døydde og at innsparing var årsaka til at pasienten ikkje fekk den hjelpa som helsepersonell meinte var naudsynt. Personalet såg at pasienten hadde behov for ein- til -ein oppfølging,( fastvakt). Likevel blei ikkje dette iverksatt fordi personalet hadde fått tilbakemelding om at kostnadskutt og oppfordring frå leiinga om mindre bruk av fast vakt.
Dette er ikkje fyrste alvorlege varsel og bekymringar som gjeld Finnmarkssykehuset dei siste åra. I NRK artikkelen 16.9 kan vi sjå ei oversikt om fleire alvorlege hendingar, tilsynssaker og varslar i Finnmarkssykehuset dei siste åra. Blant anna sendte overlegar og tillitsvalgte hausten 2024 eit omfattande varsel mot administrerande direktør om at leiingsforma og omorganiseringa trugar pasienttryggleiken. Fylkeslegen åtvara også hausten 2024 om at jobben med å spare fleire hundre millionar kroner ved Finnmarkssykehuet går så fort at pasienttryggleiken kan bli truga. Det er også meldt om helsepersonell som har slutta fordi det ikkje føltes forsvarleg lenger. I 2025 åtvara jordmødre og tillitsvalgte ved fødeavdelinga i Hammerfest om at tynn bemanning og omdisponering kan sette liv i fare under akutte fødslar. Også anna helsepersonell i Hammerfest har meldt bekymring knytt til høge innsparingskrav og krevjande vaktbelastning. Jordmødre i Alta har gjentatte gongar varsla om uforsvarlege forhold knytt til bemanning og sommarstenging ved fødestova i Alta.
Det er statsråden sitt øverste ansvar å sjå til at det er tilstrekkelege rammer i føretaket til å sikre forsvarlege tenester, at omstillingsprosessar blir gjennomført på ein trygg måte som ikkje går ut over pasienttryggleiken og at sjukehusa blir leia på ein måte som har tillit.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig