Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3445 (2025-2026)
Innlevert: 07.08.2026
Sendt: 07.08.2026
Rette vedkommende: Kultur- og likestillingsministeren
Besvart: 14.08.2026 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Erling Sande (Sp): Kva vil statsråden gjere for å leggje sunn fornuft til grunn i namnesakene og redusere konfliktene rundt namnesaker, og er statsråden samd i at der det lokalt er semje om namnevalet skal staten ikkje innføre nye namn?
Statens namnekonsulentar og kartverket har eit ansvar for stadnamna. Det er fornuftig at stadar har eit namn (og ikkje fleire) og at dette vert skilta og merka i kart. Men når det utviklar seg eit system der det sit statlege konsulentar og endrar lokale namn mot lokalbefolkninga og kommunane sin vilje, så fører det til mykje frustrasjon og unødvendig byråkrati.
Det er ei rekkje dømes på dette rundt om i landet. Eit ferskt døme er frå Hamarøy i Nordland der lokalbefolkninga no får beskjed om at stadane deira skal endre namn frå til dømes
Hjertuslot til Gjertrudslåtta
Frå Fikkestad til Fitjestad
Frå Kyllingmark til Kjukkelmarka
Språkrådet og kartverket brukar altså årevis med sakshandsaming på å fastsette namn som ingen vil ha eller har bedt om.
Namneendringskrava fører ikkje berre til arbeid for kartverket og språkrådet, men til ressursbruk i kommunane, fylkene og til slutt i Vegvesenet som må skru opp nye skilt mot dei lokale innbyggarane og folkevalde sin vilje. Om dei lokale klagar – så går det ekstra tid og ressursar gjennom «klagenemnda for stadnamnsaker".

Lubna Boby Jaffery: Stadnamnlova har reglar om fastsetjing av skrivemåte av stadnamn og reglar om vern av lokalt nedarva stadnamn. Det er Kartverket og fylkeskommunane/kommunane som er vedtaksorgan til kvar sine typar namn. Saksbehandlinga på begge nivå krev lokal høyring av namna og innhenting av informasjon om namnebruken på staden. Språkrådet har ikkje avgjerdsmakt, men skal gje tilråding om skrivemåten før vedtak. Sametinget gjer det same for samiske namn. I alle delar av prosessen, både i kommunane og hos Kartverket er det rom for skjønn innanfor rammene av regelverket. Til dømes går det an å vurdere at fleire skrivemåtar og namneval er innanfor reglane, og dermed at ikkje berre éin skrivemåte eller eitt namneval som er mogeleg. Offentlege organ kan også bruke skjønn i vurdering av om det er nødvendig å reise namnesak. Saker kan også bli reiste av grunneigarar og organisasjonar.
Formålet med stadnamnlova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje endrar meiningsinnhaldet i namnet. Stadnamnlova slår fast at det ikkje er lov å bytte ut eit namn på ein stad, dersom det er nedarva på staden. Nokre gonger kan det likevel oppfattast som at eit vedtak om fastsetjing av skrivemåte medfører endring av eit namn. Dette kan vekkje engasjement og motvilje. Det gjeld både vedtak som Kartverket fattar, men også fylkeskommunale og kommunale vedtak. Forklaringa er nokre gonger at lokal nedarva uttale av namnet skal ha forrang. Slik er det fordi den lokale uttalen ber i seg meiningsinnhaldet i namnet, det som namnet fortel om natur, levemåte, ferdsel, planter og om språket på staden. Lokal uttale blir tilpassa norske rettskrivingsprinsipp, og slik blir skrivemåte fastsett. Usemje kan oppstå når vedtaksorganet fastset ein skrivemåte som byggjer på ein lokal uttale som er nedarva, men som er lite kjend lokalt og som få brukar dagleg. Mange i lokalsamfunnet vil då kunne oppfatte namnet som ”endra”, medan andre igjen meiner vedtaket om skrivemåte representerer munnleg overleverte namn som kanskje er i ferd med å gå ut av bruk.
Saker om fastsetjing av vegnamn som kommunen gjer, kan vere opphav til usemje, både lokalt og mellom vedtaksorgan. Dersom kommunen til dømes fastset eit vegnamn som byggjer på eit gardsnamn, skal vegnamnet etter reglane ha same skrivemåte som gardsnamnet det byggjer på. Kartverket vedtek gardsnamnet. Grunnen til at det er lagt til rette for at vedtak om gardsnamna overstyrer vegnamna på denne måten, er fordi gardsnamna er av dei eldste språklege kulturminna våre og primære i busetjingshistoria vår. Det er dessutan både potensielt farleg for utrykkingskøyretøy og upraktisk for andre som brukar GPS dersom same namnet i same geografiske område har ulike skrivemåtar.
Stadnamnlova er med på å sikre gode kartdata som mange sektorar treng. For særleg sikkerheit og beredskap er dette viktig. Stadnamna er viktige kulturminne og ein kollektiv arv som det er viktig å ta vare på. Folk er glade i stadane sine og dermed også i stadnamna. Vi som berre køyrer eller går forbi og les namna på kart og skilt, undrar oss over kva namna kjem av og kva dei fortel om både språk og samfunn lokalt. God vidareføring av stadnamna og kunnskap om dei er avhengig av både lokalt engasjement og lokalkunnskap – men også språkhistorisk og namnefagleg kunnskap. Nokre kommunar har eigne namnekomitear og har innarbeidde rutinar. For andre kommunar er det lenge mellom stadnamnsakene. Språkrådet har derfor utvikla e-kurs om stadnamnarbeid, tilpassa behovet i kommunane. Både Språkrådet og Kartverket er avhengig av god dialog med kommunane, og det er låg terskel for å ta kontakt og informere kvarandre gjensidig. Dette er nødvendig for god stadnamnforvaltning.