Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3344 (2025-2026)

Innlevert: 30.06.2026
Sendt: 30.06.2026
Besvart: 07.07.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Meiner statsråden at matjorda, naturområda og lokalsamfunna i Bokn, Tysvær og Sveio er så lite verdt at det er tilrådeleg å gå vidare med planane om firefelts motorveg med 110 km/t på E39 mellom Bokn og Bømlafjorden?

Begrunnelse

Statens vegvesen har hatt kommunedelplan for E39 Bokn-Bømlafjorden på høyring. I planforslaget er det to alternative samanhengande trasear på strekninga, begge med fire felt, fartsgrense på 110 km/t og trasébreidd på 200 meter. Dei er i stor grad heilt nye trasear i staden for gjenbruk og utbetring av den eksisterande vegen.


Begge alternativa legg beslag på mykje verdifullt jordbruksareal, naturområde og karbonrike areal, og får store negative verknadar for landskap, friluftsliv og kulturlandskap. Mellom anna vil mange hundre dekar med fulldyrka jord gå tapt; berre på strekninga Slåttevik-Aksdal kan det bli nærmare 500 dekar.


Kommunane Bokn, Tysvær og Sveio vil på denne måten bli gjort til transportkorridorar for transport mellom Bergen og Stavanger. Innbyggarane i desse kommunane vil ha få fordelar av vegen, og store ulemper.


Kostnadsanslaget på strekninga er på over 24 milliardar kroner.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: E39 Bokn–Bømlafjorden er eitt av prosjekta mellom Stavanger og Bergen som skal bidra til ein meir effektiv, trafikksikker og føreseieleg veg, med mål om betre framkomst. Dagens E39 mellom Bokn og Bømlafjorden har over 50 prosent fleire drepne og hardt skadde enn landsgjennomsnittet for riksvegar. Vegen er smal og svingete, med over 250 avkøyrsler og kryss.
Det er mange omsyn som må vegast opp mot kvarandre når ein planlegg ny veg. Kommunedelplanen er utarbeida med konsekvensutgreiing. I dette arbeidet er verknader for både prissette og ikkje-prissette verknader vurderte. Dei ikkje-prissette tema omfattar mellom anna naturressursar, naturmangfald, landskapsbilete, friluftsliv/by- og bygdeliv og kulturarv. Konsekvensutgreiinga viser at prosjektet vil ha negative verknader for fleire av desse tema. Samtidig viser utgreiingar at prosjektet vil gje betre framkomst, kortare reisetid og avlastning på eksisterande veg og gjennom lokalsamfunn langs strekninga. Dagens E39 vil bli behalde som lokalveg med mellom anna tilkomst til ei rekke eigendommar. Reisande til og frå Bokn, Tysvær og Sveio vil få tilkomst til ny E39 via fleire planlagde kryss som koplar den nye vegen til både E134, fylkesvegar og kommunale vegar.
I kommuneplanarbeidet er det vurdert ulike vegstandardar – både smalare veg og redusert fartsgrense. Dei alternative vegstandardane er vurdert opp mot trafikkmengder, trafikktryggleik, reisetid, kostnader, samfunnsnytte, arealbeslag, naturinngrep, klima og andre miljøtema. Vurderingane viser at lågare standard og fartsgrense ikkje gir vesentleg reduksjon i konflikt med ikkje-prissette verdiar, medan det svekkjer måloppnåing for framkomst, reisetid og samfunnsnytte.
Når ein utarbeider kommunedelplan, gir planarbeidet auka kunnskap om området og om konsekvensane av ulike løysingar. Fleire alternative veglinjer er vurderte og undersøkte. Faggrunnlaget viser at det uansett er krevjande å finne veglinjer utan konflikt med ikkje-prissette verdiar, fordi justering av linjer ofte kan redusere konflikt på eitt tema, men samstundes gi konflikt med andre verdiar.
Kommunedelplanen vil fastsetje korridor og overordna løysing. Vidare optimalisering, detaljering, avbøtande tiltak og meir vurderingar av arealbeslag, inngrep og lokale verknader vil verte vurdert i samband med utarbeiding av reguleringsplan. Når Statens vegvesen detaljplanlegg og byggjer nye vegar gjennom område med matjord, arbeider ein alltid for å gjenbruk av matjord til å dyrke opp nye areal. Dette skjer i dialog med lokale interessentar.
Strekningen E39 Bokn-Bømlafjord er i ikkje omtala i gjeldande Nasjonal transportplan, noko som betyr at det ikkje er lagt opp til å sette i gang prosjektet NTP-perioden 2025-2036. No skal vegvesenet fullføre planarbeidet som er sett i gong. Om vegen skal bli bygd i framtida, er det noko som blir teke opp i samband med ny Nasjonal transportplan.
Vidare planarbeid vil arbeide for å redusere inngrep og negative verknader på naturressursar, naturmangfald, landskap, friluftsliv, kulturarv og lokalsamfunn. Samtidig må dette vegast opp mot måla om betre framkomst, trafikktryggleik, føreseieleg transport og avlastning av dagens veg gjennom lokalsamfunn langs strekninga.