Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3339 (2025-2026)

Innlevert: 30.06.2026
Sendt: 30.06.2026
Besvart: 06.07.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Har statsråden vurdert konsekvensane av nytt nedtrekk i PO3 for foredlingsverksemder, slakteri, pakkeri, transport og leverandørindustri på Vestlandet – og korleis meiner statsråden dette heng saman med målet om meir foredling av sjømat i Noreg?

Begrunnelse

PO3 utgjer ei samanhengande verdikjede på Vestlandet – frå rogn og settefisk til matfisk, brønnbåt, slakting, pakking, foredling, transport og sal.
Redusert produksjonskapasitet gir mindre fisk i sjøen og dermed mindre råstoff til foredlingsindustrien. Det svekkjer grunnlaget for heilårsarbeidsplassar, investeringar og vidare industriutvikling langs kysten.
Stortinget har samstundes bede regjeringa leggja til rette for meir foredling av sjømat i Noreg. Då framstår det som motstridande å redusere produksjonsgrunnlaget i ein region der store delar av foredlinga faktisk skjer.
Vil statsråden gjera greie for korleis regjeringa vil sikra råstofftilgang, føreseielege rammer og vidare utvikling for foredlingsindustrien på Vestlandet når kapasiteten i PO3 blir redusert?

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Eit breitt fleirtal på Stortinget slutta seg til prinsippa for produksjonsreguleringar i havbruksnæringa i høve innføringa av trafikklyssystemet, slik lagt fram for Stortinget i Meld. St. 16 (2014–2015). Produksjonsområde 3 vart vurdert til høg miljømessig påverknad i både 2024 og 2025. Det følger av handlingsregelen i trafikklyssystemet at området skal fargeleggast raudt, og at området får ein reduksjon i produksjonskapasitet, jf. tabell 8.3 i Meld. St. 16 (2014–2015).
Nedtrekk i produksjonskapasitet er eit tiltak som uunngåeleg vil ha nokre samfunnsmessige uønska konsekvensar. Dette er eg klar over. Samstundes er miljøsituasjonen for villaksen i produksjonsområde 3 uakseptabel. Difor meiner eg at eit nedtrekk er rett. Det er mi vurdering at ein reduksjon i produksjonskapasitet vil kunne gje ein positiv miljøeffekt i produksjonsområdet på sikt, og at det ikkje er andre og mindre inngripande tiltak som kan gjennomførast på kort og mellomlang sikt, og som vil være like effektive.
I Meld. St. 24 (2024–2025) (Havbruksmeldinga) har regjeringa vore tydeleg på at dagens trafikklyssystem med kollektiv regulering av produksjonskapasitet i dei enkelte produksjonsområda ikkje fungerer godt nok. Systemet gir ikkje tilstrekkelege individuelle insentiv til at investeringar i driftsformer og andre tiltak for å redusere miljøpåverknaden er lønnsame. Regjeringa følgjer no opp havbruksmeldinga og vedtaka på Stortinget. Målet er å utarbeide eit regulatorisk system for oppdrettsnæringa med auka bruk av individuelle insentiv. Dette skal gi betre lønnsemd for aktørar som driv med lav miljøpåverknad og god dyrevelferd, ved at desse kan få auke sin produksjon. Auka produksjon innanfor miljømessig berekraftige rammer vil gje samfunnsmessige gevinstar i form av verdiskaping i næringa, betre tilhøve for villaksen og for tilverkingsindustrien. Men fram eit nytt system er på plass, skal trafikklyssystemet fortsette å verke, slik også Stortinget har bedt om i samband med handsaminga av havbruksmeldinga. Dette gjeld alle lysa.
At det er svingingar i råstofftilgangen, enten det er villfisk eller oppdrettsfisk, er heilt naturleg. Ein kvar næringsaktør må ta høgde for dette når ein planlegg verksemda si. Vi kan derimot ikkje byggje norsk tilverkingsindustri på det som – i dette høvet – ikkje er berekraftig produksjon i første ledd av verdikjeda. Tilverking av laks har auka de seinaste åra, og regjeringa ynskjer at andelen tilverking i Noreg aukar. Føresetnaden for dette er at vi har berekraftig produksjon i første ledd, konkurransedyktige og lønnsame bedrifter i tilverkingsleddet og marknadsadgang i sluttleddet.