Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3338 (2025-2026)

Innlevert: 30.06.2026
Sendt: 30.06.2026
Besvart: 06.07.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Meiner statsråden det er forsvarleg å gjennomføra nytt nedtrekk i produksjonsområde 3, når konsekvensane i all hovudsak råkar Vestlandet – ein region som allereie har teke fleire kutt og der havbruket er avgjerande for arbeidsplassar, busetjing, verdiskaping og eksportinntekter?

Begrunnelse

Regjeringa har sett produksjonsområde 3, frå Karmøy til Øygarden, i raudt. Det inneber nytt nedtrekk i ein region som over fleire år har teke betydelege reduksjonar i produksjonskapasitet.
Vestlandet har bygd opp sterke havbruksmiljø og komplette verdikjeder gjennom fleire tiår. Redusert kapasitet i sjøen får difor ringverknader langt utover oppdrettsanlegga – med mindre råstoff, færre oppdrag for leverandørindustrien og svekka investeringsgrunnlag i kystkommunane.
Samstundes får andre regionar status quo eller vekst. Vestlandet blir dermed sitjande att med kostnaden, medan andre får handlingsrom.
Vil statsråden vurdera å stansa eller utsetja nedtrekket i PO3 til nytt kunnskapsgrunnlag og eit oppdatert reguleringssystem er på plass?

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Produksjonsområde 3 vart vurdert til høg påverknad i både 2024 og i 2025. Det følger då av handlingsregelen i trafikklyssystemet at området skal fargeleggast raudt, og at området får ein reduksjon i kapasitet, jf Tabell 8.3 i Meld. St. 16 (2014-2015). Eg er klar over at eit nedtrekk har samfunnsmessige uønskte konsekvensar. Samstundes må dette vegast opp mot at miljøsituasjonen for villaksen er vurdert til uakseptabel. Difor meiner eg eit nytt nedrekk er rett. Aktørane har samstundes stor fleksibilitet i drifta si. Fiskeridirektoratet sine tal viser at uttaket av fisk i PO3 faktisk har auka i perioden 2018–2025, til tross for tidlegare nedtrekk, som følgje av mellom anna felles biomassetak.
Eg meiner vidare at kunnskapsgrunnlaget som er forbetra sidan Stortinget handsama Meld. St. 16 (2014–2015) og trafikklyssystemet vart tatt i bruk i 2017, er godt nok til å forsvare ein slik avgjerd. Stortinget var i si handsaming av Meld. St. 24 (2024–2025) tydeleg på at bruk av trafikklyssystemet skal halde fram til ei ny regulering er på plass.
Eg viser elles til svar på skriftleg spørsmål nr. 3271, også frå representant Helge André Njåstad. Eg prioriterer no å følgje opp Havbruksmeldinga og Stortingets vedtak. Ein viktig del av det arbeidet er å lage reguleringar som forsterkar koplinga mellom dei vala den einskilde aktør tek i si drift og moglegheita for auka verdiskaping.