Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3271 (2025-2026)
Innlevert: 25.06.2026
Sendt: 26.06.2026
Besvart: 03.07.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Helge André Njåstad (FrP): Kvifor vel statsråden å gjennomføra eit nytt nedtrekk i PO3 med eit trafikklyssystem regjeringa sjølv meiner ikkje fungerer godt nok før Stortinget sitt krav om betre kunnskapsgrunnlag er følgt opp og før nytt reguleringssystem er på plass, og vil statsråden ta initiativ til å utsetja nedtrekket i PO3 til nytt kunnskapsgrunnlag og nytt reguleringssystem er klart?
Regjeringa har sett produksjonsområde 3, frå Karmøy til Øygarden, i raudt. Det gir nytt nedtrekk i ein region som allereie har teke store kutt.
Dette er eit politisk val med store konsekvensar. Mindre fisk i sjøen gir mindre råstoff til slakteri, pakkeri og foredling. Lokale leverandørar, transportørar, servicebedrifter og heilårsarbeidsplassar langs kysten blir råka.
Stortinget har bede om eit breiare kunnskapsgrunnlag om kva som påverkar villaksen, kor mykje lakselusa betyr samanlikna med andre faktorar, og kva tiltak som faktisk verkar. Samstundes har regjeringa varsla at dagens trafikklyssystem skal endrast.
Då framstår det lite føreseieleg å bruka det same systemet til nye nedtrekk før betre kunnskap og nytt regelverk er på plass.

Marianne Sivertsen Næss: I Innst. 525 S (2024–2025) har Stortinget vore tydeleg på at trafikklyssystemet skal bestå fram til ei ny regulering er på plass. Produksjonsområde 3 vart vurdert til høg påvirkning i både 2024 og i 2025. Det følger av handlingsregelen i trafikklyssystemet at området skal fargeleggast raudt, og at området får ein reduksjon i produksjonskapasitet, jf. tabell 8.3 i Meld. St. 16 (2014-2015). Eg meiner at kunnskapsgrunnlaget som er forbetra sidan Stortinget handsama Meld. St. 16 (2014-2015) og trafikklyssystemet vart tatt i bruk i 2017, er godt nok til å forsvare ein slik avgjerd.
Eg er klar over at eit nedtrekk har samfunnsmessige uønskte konsekvensar. Samstundes må dette vegast opp mot at miljøsituasjonen for villaksen er vurdert til uakseptabel. Difor meiner eg eit nytt nedrekk er rett. Aktørane har samstundes stor fleksibilitet i drifta si.
Fiskeridirektoratet sine tal viser at uttaket av fisk i PO3 faktisk har auka i perioden 2018-2025, til tross for tidlegare nedtrekk, som følgje av mellom anna felles biomassetak.
Det er mi vurdering at ein reduksjon i produksjonskapasiteten vil kunne gi ein positiv miljøeffekt i produksjonsområdet på sikt, og at det ikkje er andre og mindre inngripande tiltak som kan gjennomføres på kort og mellomlang sikt, og som vil vere like effektive.
Eg prioriterer no å følgje opp Havbruksmeldinga og Stortingets vedtak. Ein viktig del av det arbeidet er å lage reguleringar som forsterkar koplinga mellom dei vala den einskilde aktør tek i si drift og moglegheita for auka verdiskaping.