Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3222 (2025-2026)
Innlevert: 21.06.2026
Sendt: 22.06.2026
Besvart: 29.06.2026 av næringsminister Cecilie Myrseth

Helge André Njåstad (FrP): Kva er Regjeringa si politiske grunngiving for å motarbeide konkurranse i marknaden for kommunal tenestepensjon, og meiner statsråden at dette er i kommunane og helseføretaka si interesse?
Marknaden for kommunal tenestepensjon omfattar svært store beløp, og sjølv små prosentvise innsparingar vil kunne frigjere betydelige midlar til velferdstenester. Erfaringar frå gjennomførte konkurransar viser at det er mogleg å oppnå både årlege innsparingar og store eingongseffektar for kommunane.
Samtidig viser ESA si behandling av to pågåande saker at det kan vere alvorlege problem knytt til både manglande konkurranseutsetjing og mogleg ulovleg statsstøtte. Den eine saka gjeld om kommunar og helseføretak pliktar å gjennomføre anbod etter anskaffingsregelverket. Den andre saka gjeld ordninga der offentlege eigarar kan tape avkastning på eigenkapital dei har skote inn i KLP ved byte av leverandør.
Regjeringa har i si dialog med ESA mellom anna argumentert for at kommunal tenestepensjon ikkje utgjer økonomisk aktivitet, og at det ikkje er gevinstar å hente på konkurranse. Dette står i kontrast til erfaringane frå kommunar som faktisk har gjennomført konkurransar, og reiser spørsmål om Regjeringa i praksis bidreg til å oppretthalde ein marknad med avgrensa konkurranse.
Manglande konkurranse kan føre til høgare kostnader for kommunane og helseføretaka, og dermed mindre ressursar til skule, eldreomsorg og pasientbehandling. Samtidig skapar saka uvisse om etterlevinga av EØS-regelverket, noko som kan få breiare konsekvensar for næringslivet som leverer til det offentlege.

Cecilie Myrseth: Eg er oppteken av å styrkje næringslivet. Velfungerande marknader med effektiv konkurranse bidreg til produktivitet og effektiv ressursutnytting. Bedrifter som opererer i marknader med effektiv konkurranse, må levere betre og rimelegare produkt og tenester enn konkurrentane sine for ikkje å tape i kampen om kundane. Dette kjem både forbrukarane og næringslivet til gode, og er sentralt for verdiskapinga i norsk økonomi og konkurransekrafta til norsk næringsliv.
Regjeringa er difor oppteken av å leggje til rette for effektiv konkurranse på tvers av marknader og sektorar. Konkurransetilsynet har mellom anna fått auka løyvingar og fleire verkemiddel. Reglane om marknadsetterforsking i konkurranselova tok til å gjelde 1. juli 2025, og gir tilsynet høve til å gripe inn mot alvorlege konkurranseproblem.
KLP sitt formål er å ivareta behova til medlemene for tenestepensjonsordningar. KLP bør framleis kunne levere pensjonstenester i eigen regi for dei kommunane, fylkeskommunane og helseføretaka som ønskjer det. Dei bør, som i dag, ha fridom til sjølve å velje om dei ønskjer å ha tenestepensjon i KLP eller i eiga pensjonskasse utan anbod, eller nytte andre tilbydarar av tenestepensjon gjennom utlysing av konkurranse.
Undersøkingar har vist at det ikkje utan vidare er lønsamt å leggje forvaltning av kommunal tenestepensjon ut på offentleg anbod. Samfunnsøkonomisk analyse la i april 2025 fram rapporten «Samfunnsøkonomiske konsekvenser av anbudsplikt». Rapporten vart utarbeidd på oppdrag frå Fagforbundet og undersøkte dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av anbodsplikt for offentleg fondert tenestepensjon. Han viser at den samla kostnaden ved ein anbodsplikt for tenestepensjon vil vere 2,3 milliardar kroner for perioden 2025–2064. Dette omfattar mellom anna transaksjonskostnader, som kostnader knytte til ressursbruk ved anbodskonkurransar, inkludert utgifter til konsulentar.
EFTAs overvakingsorgan (ESA) fekk i 2022 klager på ordninga med KLP. Klagene hevdar at kommunane, fylkeskommunane og helseføretaka sine avtalar om offentleg tenestepensjon skulle vore kunngjorde i offentleg anbod, og at avtaleforholda inneber at KLP får ulovleg offentleg støtte. Sakene er framleis under utgreiing, og ESA har per i dag ikkje konkludert. Det er sendt fleire brev mellom ESA og norske styresmakter.