Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3195 (2025-2026)
Innlevert: 18.06.2026
Sendt: 19.06.2026
Besvart: 26.06.2026 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Liv Kari Eskeland (H): Korleis vil statsråden sikre at friske midler på 100 mill. til Hurtigbåtprogrammet effektivt vert nytta i inneverande år for å løfte teknologier utover batteriteknologi, slik merknaden i revidert budsjett legg opp til?
Noreg er allereie leiande på nullutslepp i maritim sektor. Ei satsing på nullutsleppshurtigbåtar vil styrkje denne posisjonen, skape investeringar og arbeidsplassar langs kysten og samtidig byggje beredskap, energitryggleik og kompetanse i verftsindustrien. Det er stor interesse både i leverandørmaknaden og hjå fylkeskommunane for å kome i gong med låg og nullutslepp hurtigbåtar ut over batteridrift som har sin begrensning, berre staten kjem med nødvendig risikoavlastning.

Andreas Bjelland Eriksen: Støtteprogrammet Hurtigbåtprogrammet blir forvalta av Miljødirektoratet, og har i revidert nasjonalbudsjett fått tildelt 100 millionar kroner i friske midlar. Midlane vil bli tildelt fylkeskommunale prosjekt etter søknad som bidreg til å realisere hurtigbåtar utan, eller med svært lave, utslepp av klimagassar. Beløpa kjem til utbetaling når kostnadane i prosjekta forfell, i tråd med betalingsplan som Miljødirektoratet og søkaren blir samde om.
Merknaden i revidert nasjonalbudsjett viser til kravet om at tiltak som får støtte frå Hurtigbåtprogrammet skal vere retta mot hurtigbåtar som skal nytte elektrisk straum, hydrogen, ammoniakk eller biogass. Med unntak av flytande biodrivstoff er Miljødirektoratet teknologinøytrale i søknadsvurderingane sine, og vil vurdera alle søknader som oppfyller tildelingskriteria til støtteordninga.
I tillegg blir fastsette kriterium nytta for å evaluere kva prosjekt som skal prioriterast, der mellom anna prosjektas potensial for utsleppsreduksjon, estimert kostnadseffektivitet, energisparande tiltak, overføringsverdi og grad av innovasjon blir vurdert og rangert. Miljødirektoratet legg særleg vekt på utvikling og utprøving av energieffektive fartøydesign, ettersom det er behov for reduksjon i hurtigbåtanes energibehov for å realisere fleire nullutsleppsfartøy, uavhengig av framdriftsteknologi.