Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3097 (2025-2026)
Innlevert: 12.06.2026
Sendt: 12.06.2026
Besvart: 22.06.2026 av næringsminister Cecilie Myrseth

Liv Kari Eskeland (H): Korleis vil regjeringa sikra full norsk deltaking i komande EU-program som Connecting Europe Facility (CEF) og vidareføring av Horisont Europa, slik at norsk næringsliv og forskingsmiljø får føreseieleg tilgang til sentrale finansieringsordningar, og kva vil regjeringa konkret gjera for å sikre tidleg norsk påverknad og føreseieleg deltaking i desse programma framover?
I høyringar og innspel frå maritim næring og forskingsmiljø, blir det peika på at tilgang til EU-program er avgjerande for å utvikla og ta i bruk nødvendig infrastruktur og teknologi for utsleppskutt. Samtidig er det no usikkerheit knytt til innretninga av neste programperiode i EU.

Cecilie Myrseth: Deltaking i europeiske program er ein viktig del av norsk forskings- og innovasjonspolitikk og av samarbeidet vårt med EU. Programma gir tilgang til kompetanse, nettverk, infrastruktur og marknader. Europakommisjonen la i fjor sommar fram forslag til nytt langtidsbudsjett inkludert forslag til nye program. Ny programperiode startar frå 2028, og Europakommisjonen sine forslag til nye program forhandlast no i EU. Endeleg vedtak om budsjett og programstruktur er venta i løpet av 2027. Ansvarlege statsrådar for dei ulike programma følgjer forhandlingane i Brussel tett. Som EØS/EFTA land har Noreg full tilgang til programma, og vi må sørgje for at dette blir reflektert i tekstane. Sjølv om vi ikkje deltek direkte i forhandlingane, arbeider vi for å påverke prosessen gjennom dialog med medlemsland, Europaparlamentet og saman med dei andre EØS/EFTA-landa. EØS/EFTA- landa har sendt eit felles innspel om deltakarrettar i alle nye program og arbeider no med eit nytt innspel til Horisont Europa. Når det gjeld CEF, deltek ikkje Noreg i dette programmet i inneverande programperiode. Norsk deltaking i den nye programperioden er likevel til vurdering, på linje med dei andre EU-programma.
Noreg må gi ei førebels tilbakemelding til Europakommisjonen våren 2027. Endeleg vedtak om deltaking og innlemming av rettsakter krev Stortinget sitt samtykke. Kostnader ved deltaking blir behandla i den ordinære budsjettprosessen.