Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Harry Valderhaug (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2957 (2025-2026)

Innlevert: 02.06.2026
Sendt: 03.06.2026
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 10.06.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Harry Valderhaug (KrF)

Spørsmål

Harry Valderhaug (KrF): Stortinget bad regjeringa fullføre forhandlingane om Stad skipstunnel for å få fram ein endeleg pris. Regjeringa viser no til ei kostnadsramme på 8,6 mrd. kroner, utan at resultatet av anbodskonkurransen etter avsluttande forhandlingar er gjort kjent.
Korleis meiner statsråden at Stortinget si bestilling er oppfylt når Stortinget ikkje har fått innsyn i resultatet av konkurransen og grunnlaget for kostnadsramma på 8,6 mrd. kroner?

Begrunnelse

Då Stortinget behandla saka om Stad skipstunnel, vart det lagt til grunn at Kystverket skulle fullføre forhandlingane med entreprenørane for å få fram ein endeleg pris. Regjeringa viser no til ei kostnadsramme på 8,6 mrd. kroner, men resultatet av anbodskonkurransen etter avsluttande forhandlingar er ikkje offentleg kjent. For Stortinget si behandling av saka er det viktig å kunne vurdere om bestillinga om å få fram ein endeleg pris er følgd opp, og kva grunnlag regjeringa byggjer sine vurderingar på. Det er derfor behov for å få avklart korleis regjeringa meiner Stortinget si bestilling er oppfylt, og kva kostnadsramma byggjer på.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Regjeringa har fylgt opp Stortinget sitt vedtak i samband med trontaledebatten om å sikre at Kystverket fullfører forhandlingane med tilbydarane om bygging av Stad skipstunnel, for å få fram endeleg pris.

Av konkurransemessige omsyn kan Kystverket ikkje dele detaljerte opplysningar frå dei enkelte tilboda, men pristilbodet til vinnaren av konkurransen vil bli offentleg ved kontraktinngåing.

Kystverket har på bakgrunn av endelege tilbod frå tilbydarane vurdert at kostnadsramma for Stad skipstunnel må setjast til 8,6 mrd. kroner. I tillegg til prisen frå tilbydar er det her lagt inn kostnader til mellom anna planlegging, grunnerverv, byggleiing samt allereie påkomne kostnadar.

Etter einigheita om revidert nasjonalbudsjett 2026 mellom Arbeiderpartiet, Senterparitet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt og Miljøpartiet De Grønne er det avtalt å vidareføre prosjektet Stad skipstunnel, med kontraktinngåing innan hausten. Når Stortinget har vedtatt ny kostnadsramme kan det bli inngått endeleg kontrakt om bygging av Stad skipstunnel.