Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2899 (2025-2026)
Innlevert: 29.05.2026
Sendt: 29.05.2026
Til behandling

Ingrid Fiskaa (SV): Kva inneber den totale omlegginga av teleinfrastrukturen dersom Statkraft får lov til å bygga Moifjellet vindkraftverk, kor skal nye master byggast, og kva for naturinngrep vil det medføra?
Statkraft ønskjer å bygga Moifjellet vindkraftverk i Bjerkreim og Time kommune. Til saman er planområda om lag 17 km2, med 40-42 turbinar. Dersom prosjektet blir realisert er det Noregs tredje største.
Med ei stemmes overvekt, mot vedtak i formannskapet og kommunedirektørens innstilling, vedtok kommunestyret i Bjerkreim å legga planen ut på høyring i vår.
Tidlegare planar om Moifjellet vindkraftverk vart avvist av OED i 2012 på grunn av store negative konsekvensar for viktige naturverdiar.
På Urdalsnipa, omtrent midt i planområdet, er det i dag ei TV- og radiomast, Bjerkreimsendaren/Moisendaren. Denne er hovudsendar for kringkastingsnettet, og mottar nasjonale signalstraumar for vidaresending til mindre sendarar i regionen.
Om Moifjellet vindkraftverk blir bygd vil Bjerkreimsendaren ikkje kunna oppretthaldast på grunn av forstyrringar frå kraftverket. Statkraft har derfor skissert ei løysing der det blir etablert nye master i tillegg til oppgradering av enkelte eksisterande master.
Bygging av nye telemaster vil føra til store landskapsinngrep i form av anleggsvegar, driftsbygningar og annan infrastruktur.
Det er ikkje gjort allment kjent kor dei nye mastepunkta skal vera. Det er heller ikkje gjort greie for konsekvensane av etableringane.
Etablering av nye sendarar er ikkje ein del av konsekvensutgreiinga til prosjektet, trass i at dette vil vera ein direkte konsekvens av vindkraftprosjektet. Dette strir mot KU-forskrifta, og det hindrar ein opplyst offentleg debatt og demokratisk prosess.
Svaret er ennå ikke tilgjengelig