Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2633 (2025-2026)
Innlevert: 05.05.2026
Sendt: 05.05.2026
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP): Kva vil det kosta å innføra statleg dekning av TBE-vaksine for innbyggjarar i område med høg smitterisiko, som Vestfold og Telemark, vil statsråden fremja forslag om å innføra ei slik ordning, kva tid kan ei slik ordning eventuelt vera på plass, og kva blir gjort for å utvikla behandling eller medisin som kan stoppa TBE-viruset?
Folkehelseinstituttet viser til ein klar auke i TBE i Norge, med 96 tilfelle i 2025. Vestfold og Telemark er blant fylka med flest smitta. Dette er ikkje teori – dette er folk som blir sjuke etter heilt vanlege turar i skog og mark.
TBE kan gi hjernebetennelse og varige skadar. Det finst ikkje behandling som stoppar viruset når ein først er smitta. Då er førebygging det einaste som faktisk verkar.
Samtidig finst det vaksine. Likevel er det i praksis opp til folk i dei mest utsette områda å skaffa og betala denne sjølve. For ein familie kan dette fort bli fleire tusen kroner.
Det er også uklart kva som konkret blir gjort for å utvikla behandling eller medisin som kan stoppa viruset. Det er difor behov for at statsråden gjer greie for kva forsking som pågår, både nasjonalt og internasjonalt, og om Norge bidreg aktivt i dette arbeidet.
Her veit staten kvar risikoen er, og kva som verkar – men ansvaret blir likevel lagt på den enkelte. Når både problemet og førebygginga er godt dokumentert, er det nødvendig å få eit konkret svar på kva det vil kosta å dekkja vaksine for dei mest utsette, om regjeringa vil få det på plass, kva tid det kan skje, og kva som blir gjort for å finna behandling.
Svaret er ennå ikke tilgjengelig