Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2615 (2025-2026)

Innlevert: 23.04.2026
Sendt: 04.05.2026
Besvart: 11.05.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram grunnlaget for rassikringsmidlane som Møre og Romsdal fylkeskommune mottek årleg, synleggjere kva fylket har motteke av slike midlar dei siste 10 åra, og forklare om statsråden synest det er logisk at finansiering av rassikringsprosjekt slik som Fv 63 Trollstigen blir forsøkt velta over i form av bompengar til innbyggjarane og næringslivet og turistane, når fylkeskommunen lett klarer å fullfinansier dette prosjektet på sikte med regjeringa sine årlige overføringar av rassikringsmidlar?

Begrunnelse

Møre og Romsdal fylkeskommune mottar årleg ein betydeleg sum med millionar av kr til rassikring av fylkesvegar, for 2025 vart desse midlane synleggjort som ein del av overskottet til fylkeskommunen.

No har eit flertall i fylkeskommunen kome på den "kreative ideen" med å bompengefinansiere rassikring av Fv 63 Trollstigen, der dette i såfall er av dei fyrste rassikringsprosjekta i landet som nokon gong har blitt påført bompengebelastning.

I ulike regjeringar også i dagens, har prinsippet om at rassikringsmidlane vert fordelt mellom riks og fylkesvegane og skal gå til å finansiere rassikringsprosjekta, utan bompengar.

I Møre og Romsdal er snart siste utbygde rassikringsprosjektet til fylket fullfinansiert av desse rassikringsmidlane, og ein ville såleis kunne finansiere rassikringa av Trollstigen som 1 prioritert rassikringsprosjekt i fylket, med framtidige rassikringsmidlar.

At fylkeskommunen då unnlater å legge til grunn bruken av rassikringsmidlane frå regjeringa til slik finansiering, og heller søker regjeringa om løyve til å sende rekninga for rassikringa til lokalbefolkninga og næringslivet samt turistane, er rett og slett greinalaust.

Fv63 over Trollstigen er etter årleg åpning flittig brukt av lokalbefolkninga og næringslivet og er sjølvsagt også ein viktig nasjonal turistveg.

At staten skulle tillate eit nytt prinsipp her i landet der rassikringsmidlane ikkje vert nytta til rassikring men rekninga for slike prosjekt blir sendt innbyggjarane iform av bompengar, er prinsipielt forkastelig, spesielt med tanke på at her ligg ei finansiering for slike prosjekt frå staten allerede.

Rassikring av Trollstigen er berekna til 3-400 mill kr. Møre og Romsdal mottek ca 135 mill kr årleg, ein sum som er stigende, og vil såleis etter dette prosjektet vil kunne stå ferdig om 4-5 år vere i posisjon til å kunne fullfinansiere sjølve dette prosjektet med sikringsmidlene frå staten, og uansett dekke dette inn få år etter å ha forskottert prosjektet.

Dette har fylkeskommunen gjort med til dømes rassikringa av Fv 60 mellom Røyr og Hellesylt der heile prosjektet inkl renteutgiftene for prosjektet vart dekt 100% av dei statlege rassikringsmidlane, likeså siste prosjektet på Fv63 mellom Eidsdal og Geiranger som også vil bli fullfinansiert på samme måten.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: