Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2612 (2025-2026)
Innlevert: 08.04.2026
Sendt: 04.05.2026
Besvart: 08.05.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram dokumentasjon som syner at det er vurdert konsekvensene av å sitte i ein el bil dag ut og dag inn, i mnd og i år, i eit førarmiljø opp på eit gedigent batteri under baken, med enormt mykje spenning, og om det er gjennomført studier eller forskning som dokumentere at dette ikkje påverkar mennesket negativt helsemessig som sitter i bilen konstant i form av å vere yrkessjåfør som til dømes i taxinæringa?
Innføring av nullutslippskrav for taxinæringa har sine utfordringer.
ikkje berre er el-bilene dyre i innkjøp, men driftstida er heller ikkje noko å skryte av då ladetid gjer at driftstida går ned og dertil inntjening likeså.
Det som enkelte taxisjåfører no bemerker, er at ja, før vart ein også sliten av å køyre bil lenge i eit stressende bymiljø, men når ein kom heim var en sliten men ikkje dårlig helsemessig.
No blir det meldt at taxisjåfører har betydelige plager som dei frykter er med bakgrunn i at ein sitter opp på eit svært stort batteri med mykje spenning ikring seg heile dagane , dag ut, veke, mnd og år.
I andre undersøkelsar har det ofte vore debatter ikring dei som bur for nært store kraftledninger, under kraftledninger pga fare for påverknad av skadeleg spenning, og i andre miljø nært store kraft eller signalspenninger, no kan det sjå ut til at dette er eit fenomen som ein slett ikkje har tenkt over for yrkessjåfører som oppholder seg konstant i disse el-bilane med enorme batteripakker under baken.

Jon-Ivar Nygård: Køyretøymyndigheita i Noreg har ikkje sett dokumentasjon på eller motteke signaler frå helsemyndigheitene om at stråling frå elbilar er eit problem for kroppen. Verdas helseorganisasjon (WHO) har undersøkt dette over fleire tiår, og har ikkje publisert dokumentasjon som gjev grunnlag for endring av gjeldande praksis.Det blir produsert millionar av elbilar kvart år. Kun ein liten del av denne produksjonen blir omsett i Noreg. Desse personbilane har ikkje norske særeigne spesifikasjonar. Noreg samarbeider internasjonalt med andre lands myndigheiter for å setje krav til miljø og tryggleik, slik at vi no har betre bilar enn før. Globale krav blir utvikla gjennom eit fora etablert av FN (UNECE). Dersom det ikkje er mogleg å få globale krav, men Europa ynskjer ytterlege krav, kan EU utvikle tilleggskrav som gjeld for alle bilar registrert i Europa og Noreg. Krav til bilars elektromagnetiske stråling og påverking blir fastsett i FN-regulativ 10 (Electromagnetic Compatibility). Dette er ei regulering som har spesifikke krav på elektromagnetisk stråling. Krava er innretta mot å ikkje skulle påverke eller bli påverka av anna utstyr, som til dømes anna tryggleiksutstyr i bilar, og ikkje for å redusere stråling mot menneske. Det er ikkje påvist at menneske blir påverka på ein slik måte at denne reguleringa treng ei utviding.