Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Ove Trellevik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2284 (2025-2026)

Innlevert: 07.04.2026
Sendt: 07.04.2026
Besvart: 13.04.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ove Trellevik (H)

Spørsmål

Ove Trellevik (H): Kan eg be om berekna samfunsnytte (både NNB og NNV 2026-kroner) for Follobanen, og dersom det ikkje føreligg oversikt over endeleg kostnad ber eg om at det vert berekna samfunsnytte for basert på ein sluttsum på 37 mrd. kroner?

Begrunnelse

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Nytt dobbeltspor mellom Oslo og Ski, Follobanen, var prioritert i Nasjonal transportplan 2014-2023 med oppstart i 2015. Totalkostnaden vart i Stortingsmeldinga berekna til om lag 20 milliardar kroner. Dei store investeringskostnadene gjorde at prosjektet isolert sett hadde ein negativ berekna samfunnsøkonomisk netto nytte, på om lag (minus) ni milliardar kroner. Bygginga av dobbeltsporet vart likevel prioritert fordi det vart rekna som ein heilt nødvendig føresetnad for å kunna etablera eit togtilbod som svarer til dei framtidige transportbehova i denne korridoren (Oslo-Svinesund).Som kjent vart Follobanen vesentleg dyrare, og ferdigstilt seinare enn det som vart lagt til grunn i nemnde NTP. Det planleggast ei etterevaluering av Follobane-prosjektet i regi av forskingsprogrammet Concept ved NTNU. Concept har som formål å bidra til betre avgjerdsgrunnlag og styring av store statlege investeringsprosjekt, og gjennomfører mellom anna etterevalueringar av prosjekt som har vore underlagde den statlege KS-ordninga. Concept-rapportane blir brukte som eit fagleg og uavhengig grunnlag for å dokumentera kostnadsutvikling, resultatoppnåing (samfunnsnytte) og læring i etterkant av gjennomførte prosjekt.