Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2282 (2025-2026)

Innlevert: 07.04.2026
Sendt: 07.04.2026
Besvart: 16.04.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vil det vera i samsvar med statsstøtteregelverket og EØS-avtalen å selja Haugesund lufthamn Karmøy til bokført verdi dersom denne er lågare enn marknadspris, og kan eit eventuelt krav om sal i den opne marknaden for å sikra marknadspris sameinast med behovet for å hindra at uønskte selskap eller statar får eigarskap til kritisk infrastruktur?

Begrunnelse

Haugesund lufthamn Karmøy vert driven av Lufthavndrift AS gjennom ein tenestekonsesjonsavtale med Avinor. Selskapet har over tid hatt store økonomiske utfordringar, med gjentekne underskot og behov for betalingsutsetjingar.
Lufthavndrift AS har i brev til Samferdselsdepartementet 8. november 2024 skrive at dei «primært ønskjer å kjøpa lufthamna», og har òg tidlegare fremja tilsvarande ønske. I denne samanhengen er det vist til kjøp til bokført verdi, anslått til om lag 120 mill. kroner før reasfaltering og om lag 200 mill. kroner etter.
Når eit privat selskap ønskjer å kjøpa ein offentleg eigedom til bokført verdi, oppstår det spørsmål om denne prisen svarar til reell marknadsverdi, eller om eit eventuelt sal vil innebera ein økonomisk fordel. Etter EØS-reglane kan sal av offentlege eigedelar til under marknadspris utgjera ulovleg statsstøtte.
Dersom eit lovleg sal føreset at eigedomen vert lagd ut i den opne marknaden for å sikra marknadspris, reiser dette samstundes spørsmål om korleis ein kan ivareta kontrollen med kritisk infrastruktur og hindra eigarskap frå uønskte aktørar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Lufthavndrift AS (LUD) har ein tenestekonsesjonskontrakt med Avinor AS (Avinor) på Hauge-sund lufthamn for perioden 2019–2039. Kontrakten inneber at LUD betaler leige til Avinor for bruken av infrastrukturen og sjølv har ansvaret for drifta og vedlikehaldet. LUD står fritt til å fastsetje lufthamnavgiftene og styre den kommersielle drifta. Dersom LUD ikkje klarer å oppretthalde drifta, skal Avinor igjen ta over ansvaret for lufthamna, jf. Prop. 31 (2016–2017) og Innst. 129 S (2016–2017).

Eg legg til grunn at eit eventuelt sal av lufthamna må forankrast i Stortinget. Eit mogleg sal må skje i tråd med anskaffings- og statsstøtteregelverket. Eit sal av lufthamna til ein pris under marknadsverdi vil kunne innebere ulovleg statsstøtte. Marknadspris kan truleg oppnåast ved å leggje lufthamna ut i den opne marknaden. Eit direktesal til LUD kan etter statsstøttereglene isolert sett òg være mogleg dersom marknadsverdien kan påvisast gjennom uavhengige takstar. Avhengig av den konkrete utforminga vil eit mogleg sal kunne reise anskaffings- og statsstøtterettslege spørsmål som må vurderast nærmare.

I Noreg har staten ved Avinor eigd dei lufthamnene som er vurderte å ha ein samfunnskritisk funksjon for den sivile luftfarten. Eg meiner at dette òg gjeld Haugesund lufthamn, som har mykje å seie for transportstandarden for befolkninga og næringslivet i regionen. Etter mi vurdering bør derfor staten ved eit eventuelt sal av lufthamna sikre seg ein forkjøpsrett dersom lufthamna skulle bli vidareseld. Det er vidare mi vurdering at staten ved eit eventuelt sal bør leggje inn ein klausul om at eigedomen berre kan nyttast til lufthamnformål. Andre kontraktsføresegner kan òg vurderast. Risikoen for at uønskte statar eller selskap får tilgang til kritisk infrastruktur kan truleg òg handterast gjennom verkemiddel i tryggleikslovgjevinga.