Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2257 (2025-2026)
Innlevert: 05.04.2026
Sendt: 07.04.2026
Besvart: 14.04.2026 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Anne Grethe Hauan (FrP): Korleis har utviklinga i beslag av tobakksfri snus på veg inn til Noreg vore sidan produkta kom på marknaden rundt 2017?
Tobakksfri snus er i dag i praksis forbode i Noreg, fordi produktet blir rekna som eit nytt nikotinprodukt som må godkjennast før det kan omsetjast. Samtidig er det vist til frå fleire hald at slike produkt kan vera mindre helseskadelege enn vanleg snus med tobakk.
Dette inneber også at det er ulovleg å ta med seg tobakksfri snus inn i Noreg. Samtidig er det lov å selja såkalla helkvit snus med små mengder tobakk. Resultatet er at produsentar tilset heilt minimale mengder tobakk – i praksis berre nok til å oppfylla regelverket – for å få produkta inn på den norske marknaden.
Snus og tobakk er blant dei varene det blir handla mest av over grensa, særleg i Sverige. Samtidig tyder tal frå Tolletaten på at beslag av tobakksfri snus har auka kraftig dei siste åra, både i tal på saker og i mengd.
Mange nordmenn er ikkje klar over at det er ulovleg å ta med seg tobakksfri snus inn i landet, og kan dermed bryta lova utan å vita det. Likevel risikerer dei bøter eller andre reaksjonar dersom dei blir stoppa i tollen. I praksis kan folk få bøter på fleire hundre kroner for å ta med seg éin boks frå Sverige.
Dette skapar ein situasjon der eit produkt som er lovleg å kjøpa i nabolanda, og etterspurt av folk flest, likevel fører til reaksjonar når det blir teke med inn i Noreg.
Dette reiser eit heilt grunnleggjande spørsmål: Når etterspurnaden er stor, grensehandelen aukar og stadig fleire blir tekne med slike produkt, fungerer regelverket etter intensjonen – eller pressar det i praksis folk over i smugling og regelbrot?
På denne bakgrunnen er det behov for ei oversikt over korleis beslag av tobakksfri snus har utvikla seg sidan produkta kom på marknaden rundt 2017, og om regelverket treff når både produsentar og forbrukarar har tilpassa seg krava – eller om det i praksis avgrensar valfridomen til folk flest utan å oppnå det det var meint å gjera.

Jan Christian Vestre: