Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2267 (2025-2026)

Innlevert: 03.04.2026
Sendt: 07.04.2026
Besvart: 13.04.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden gjere greie for om han legg til grunn at Stord–Oslo-ruta framleis skal inngå i FOT-ordninga også etter utløpet av gjeldande kontrakt i 2027?

Begrunnelse

Stord lufthamn har etter at ruta Stord–Oslo vart teke inn i dei statlege FOT-rutene frå 1. april 2024 opplevd ein svært sterk trafikkvekst. I 2025 vart det sett passasjerrekord med om lag 52 700 reisande, ein auke på nærare 45 prosent frå året før. Lufthamnleiinga peikar på at veksten i hovudsak skuldast FOT-ordninga, som har gitt fleire avgangar, stabile og lågare prisar og dermed gjort flytilbodet langt meir attraktivt for både næringsliv og innbyggjarar i Sunnhordland. Trafikkutviklinga held fram inn i 2026.
Ei rapport frå Menon Economics, omtalt i same samanheng, viser at Stord lufthamn bidreg med rundt 33 millionar kroner årleg i verdiskaping og om lag 31 arbeidsplassar, i tillegg til betydelege ringverknader for næringslivet i regionen. Lufthamna spelar òg ei viktig rolle for beredskap, tilgjenge og som avlasting for veg- og ferjesamband i ein region med store avstands- og reisetidsutfordringar.
Samtidig vert det åtvara mot at grunnlaget for vidare drift kan falle bort dersom Stord–Oslo-ruta ikkje vert teke med vidare når gjeldande FOT-kontrakt går ut i oktober 2027. Lufthamnleiinga har peika på at utan FOT-ruta vil det vere svært krevjande å oppretthalde eit stabilt og føreseieleg rutetilbod, trass i dokumentert etterspurnad og samfunnsnytte.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ordninga med statleg kjøp av flyruter (FOT) skal bidra til å sikre eit tilfredsstillande flytilbod i område der det ikkje er grunnlag for kommersiell drift, og vert utforma på bakgrunn av transportfaglege vurderingar og overordna prioriteringar.
I arbeidet med ny konkurranse om drift av FOT-ruter i Sør-Noreg frå 1. november 2027 gjer departementet samla vurderingar av rutetilbodet, mellom anna i lys av omsynet til eit tenleg transporttilbod, statens utgifter og kva som er praktisk og politisk gjennomførbart.
Eg tek sikte på å kunngjere konkurransen i løpet av april. Kva for ruteområde som vil inngå i konkurransen, vil gå fram av kunngjeringa.